Kiwi-sjefen har slått rot på Finnøy

Marianne Slåtten Mikkelsen har vore butikksjef på Kiwi på Finnøy i over eit år, og heile familien har flytta til øya.

Marianne Slåtten Mikkelsen styrer Kiwi’en på Finnøy med stødig hand. Saman med familien har ho flytta til øya.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Marianne er frå Randøy i Ryfylke, og etter 11 år i byen fekk ho meir og meir lyst til å flytta tilbake til Ryfylke igjen.

-Men først måtte eg ha ein jobb, og den jobben fann eg på Finnøy, seier ho til Øyposten.

Då Marianne Slåtten Mikkelsen fekk jobben gleda heile familien seg til å flytta til Finnøy. Dei flytta til Finnøy på seinsommaren 2021, og Marianne overtok som butikksjef i september same året. Familien består av to døtre på 19 og seks år og kona Venche Slåtten Mikkelsen.

Foreløpig leiger familien eit hus på Reilstad, men dei er på utkikk etter ein permanent stad å bu.

Før Marianne kom til Finnøy jobba ho 10 år i Kiwi i byen.

-Livet på Finnøy er over all forventning, me er blitt tekne veldig godt imot, seier butikksjefen på Kiwi.

Som butikksjef på Kiwi Finnøy har ho ansvaret 16 tilsette og 40 millionar i omsetning.

-Me har hatt ein jamn og god vekst. Eg trur mellom anna at me har nytt godt av at Finnfast er blitt gratis, og at folk brukar hyttene sine meir nå enn før. Men finnøybuen er også flinke til å bruka oss, seier ho.

Staben består av 10 fast tilsette, pluss seks sesongarbeiar.

-Det er studentar som er heime på feriar eller i langhelger, legg ho til.

I tillegg har dei 2–3 personar i praksis, som får opplæring og hjelp til å koma seg inn i arbeidslivet.

-Me hjelper til med både språkpraksis og arbeidstrening gjennom avtalar med blant annet Stavanger kommune og Nav. Det er fint å kunne ha muligheten til å hjelpa menneske og gjera ein forskjell, slår ho fast.

Praksisplassane kan vera frå ein månad til opptil eit halvt år.

Under Marianne si leiing prøver Kiwi på Finnøy å støtta opp om lokalsamfunnet så godt dei kan. Kiwi har også ein avtale med Utsyn misjonssenter, kor fullt brukande mat som er i ferd med å gå ut på dato blir gitt misjonssenteret på Finnøy, dei sponsar Finnøy Idrettslag og dei gir gåver til basarar.

-Det er utruleg mange basarar på Finnøy, og det er ikkje få fruktkorger me gir bort i løpet av eit år, seier Marianne Slåtten Mikkelsen.