– Eg planlegg for slaktegrisproduksjon. Gjødsla har eg tenkt å bruke i eit biogassanlegg til drivhuset, seier Terje Øvrebø.

Me står i hallen der Øvrebø dreiv fram kring 6500 minkskinn i året fram til Stortinget i 2019 vedtok å avvikle all norsk pelsdyroppdrett innan februar 2025. Rennesøybuen blei lova full erstatning og håpa han raskt kunne omstille drifta. Senterpartiet kom inn i regjering og håpet var grønt, men så blei det heilt stille.

– Eg er græveleg skuffa over partiet mitt. Me var ufatteleg gode i opposisjon. I posisjon kan det sjå ut som at me har tatt inn årene, seier Øvrebø, som sjølv er Senterparti-politikar og sit som leiar i Rennesøy kommunedelsutvalg.

Frustrerande ventetid

Øvrebø har så langt fått cirka fem millionar kroner i erstatning for at næringa han dreiv blei tvangsavvikla. Ut frå kva takstane har vist, forventar han å få kring det dobbelte alt i alt.

– Når me ikkje høyrer noko, så får eg heller ikkje lån til ombygging, seier Øvrebø:

– Så då må eg berre vente, og medan eg har venta, har byggekostnadene skote i vêret. Det er vanvitig frustrerande.

Terje Øvrebø utanfor drivhuset der han planlegg å bytte ut naturgass frå Kårstø med biogass frå eigen gard. Foto: Sigbjørn Høidalen

Sjølv om han kjem med ei breiside til eige parti, trur han ikkje Senterpartiet er skuld i det låge tempoet:

– Det er ikkje Senterpartiet me ventar på, men det er noko med informasjonen. Me skal vere kaffikoppartiet, liksom.

Lite svar å få

Øyposten har via statssekretær og finnøybu Lars Vangen prøvd å kome i kontakt med finanspolitisk talsmann Geir Pollestad i Senterpartiet. Etter nokre dagar fekk me dette svaret frå Pollestad:

«Hei. Var det slik at du var interessert i status på pelsdyr?»

Etter at me svarte stadfestande, har det gått to veker utan respons.

Innan utgangen av 2022 hadde Landbruksdirektoratet betalt ut 603 millionar kroner i erstatning til norske pelsdyrbønder, skriv NRK der dei refererer til Nationen. Samla utbetaling så langt er kring 100 millionar kroner høgare enn berekna, går det fram.

I Stavanger kommune var det fem bruk som i 2019 blei ramma av forbodet mot pelsdyroppdrett; eitt på Rennesøy, eitt på Finnøy og tre på Ombo.

Gris med god plass

Terje Øvrebø produserer allereie litt slaktegris og leverer 700 til 800 gris i året. Målet når han får finansiert ombygging av den gamle minkfarmen er å auke til full konsesjon; som vil sei 2100 slaktegris i året.

– Prima Jæren tok kontakt, seier Øvrebø:

– Konseptet er ein produksjon der dyra har ekstra god plass med frisk luft i svalgangar på sidene og der dyrevelferd står i høgsete.

På garden har dei òg nokre sauer og eit par hestar, og dei er med i ei samdrift med mjølkeproduksjon. Eit to dekar stort drivhus står tomt inntil vidare, mest på grunn av dei høge gassprisane, levert frå Kårstø rett på andre sida av fjorden. I framtida kan Øvrebø bli forsynt med biogass frå eigen gard.