Dei tre åttandeklassingane frå Finnøy hang bra med gjennom quizfinalen i Sauda torsdag og var på skothald til ein pallplass heilt inn i siste runde.

Til slutt kom dei på femteplass, midt på treet.

Vinnar av årets Ryfylkequiz blei «Tauarane» frå Tau ungdomsskole, knepent føre heimelaget Sauda. For sigeren fekk Tau ein sjekk på 7000 kroner frå Hjelmeland Sparebank.

Her er resultata til dei fem beste av dei i alt ni finalelaga:

1. Tau 58,5 poeng

2. Sauda 58 poeng

3. Sand 56 poeng

4. Forsand 54 poeng

5. Finnøy 53 poeng