Takka for innsatsen under Tomatfestivalen

Torsdag kveld var det tid for å takka alle sponsorar og støttespelarar til Tomatfestivalen på Finnøy.

Her får Anja Helen Steinsland blomster etter innsatsen under Tomatfestivalen av Silje Vignes Flesjå.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Også komiteen blei takka med blomster og fine ord, av leiaren for festivalen, Silje Vignes Flesjå. Saman med sponsorar og støttespelarar blei dei servert middag på Landahuset av Ryfylkekokken.

Arrangfementet var opphavleg planlagt utandørs, i speidarleieren i Eggebøstemmen. Men ruskeværet gjorde at arrangementet i staden trakk innandørs.

Komiteen samla på eit brett. Frå venstre Kirsten Vestergaard Eike, Aksel Tungland, Ragna Nordbø, Kjetil Gård, Sissel Marie Bjerga, Kolbjørn Setvik og Anja Helen Steinsland. Johan Eggebø, Edle Skavland og Rita Husebø Woldmo var ikkje til stades.