Tek ikkje lett på landøyde

Bondelagsleiar Jon Arne Vadla åtvarar mot å bagatellisere ugrasplanta landøyde.

Pensjonert bonde Jon Arne Vadla med ugrasplanta landøyde.
Publisert:

Naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune sa nyleg til Øyposten at han har eit avslappa forhold til den gule korgplanta landøyde. «Mange insekt er glade i den, og for naturmangfaldet er den ikkje noko problem», sa Ankarstrand.

Dette provoserer leiar Jon Arne Vadla i Sjernarøy Bondelag.

– Landøyde er giftig for storfe og hest, og eg har lese at pollen og nektar frå planta òg inneheld giftstoff, seier Vadla:

– Honning samla inn frå område med mykje landøyde kan innehalde meir plantegift enn tilrådde grenseverdiar.

Han viser til ein artikkel av kommunikasjonsrådgivar Erling Fløistad i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) publisert i 2021 på Nibios nettside. Fløistad skriv at landøyde nå spreier seg i Rogaland og på Sørlandet. Sidan planta høyrer naturleg heime i Norge, finst det ikkje noko regelverk for å hindre spreiing.

«Hele planten er giftig, både frisk og i tørket tilstand. Derfor er det viktig å ikke få denne med i fôr til husdyr», skriv Fløistad.

Han nemner at for over hundre år sidan blei det funnen at landøyde var årsak til forgifting av dyr på beite på Utsira. Sjukdomen blei kjent som «Sirasyken».

Vadla ønskjer ikkje ei tilsvarande sjuke på øyane, og han riv opp landøyde der han ser den.

– Planta spreier seg som løvetann. Me må gjere det me kan for å luke den vekk, seier Vadla.

Publisert: