Pia vant fram – Statsforvaltaren seier nei til flytebrygge
Statsforvaltaren gjer om kommunens dispensasjon til flytebrygge i Sæbøvågen.
Måndag kom Statsforvaltaren i Rogaland sitt endelege vedtak om flytebrygge i Sæbøvågen på Fogn.
«Utbygging av flytebryggen vil derfor innebære et vesentlig avvik fra den regulerte og planavklarte utbyggingen i sjøen i Sæbøvågen. Utbygging vil også kunne hindre
fri ferdsel på sjøen i den indre delen av Sæbøvågen», skriv Statsforvaltaren.
Kommunens løyve til flytebrygge blir gjort om til eit avslag, og avslaget kan ikkje klagast på, går det fram.
Varslar stor feiring
– Ein veldig gledeleg nyheit, seier grunneigar og nabo Pia Myrvold, som har kjempa mot flyttebrygga:
– Ei lette å få bevart Sæbøvågen som den er. Det blir nok litt skåling i kveld og stor feiring seinare i haust.
Myrvold er i skrivande stund i Oslo, og ho skal vidare til eit kunstprosjekt i Kina om vel ei veke. Ho er tilbake på Fogn i god tid før utandørs haustmarknad i midten av oktober, fortel ho.
Etablert småbåthamn
Den 16. mars i år fekk grunneier Magnar Sandanger løyve frå kommunen til å bygge flytebrygge med 24 båtplassar midt ut i Sæbøvågen. Vedtaket blei gjort av utval for by- og samfunnsutvikling som ein dispensasjon frå ein 20 år gammal reguleringsplan. Nabo Pia Myrvold klaga, og det er denne klagen Statsforvaltaren nå har gitt medhald.
Kommunen meinte det ville vere positivt å bygge ut i ei allereie etablert småbåthamn. Statsforvaltaren kom altså til ein annan konklusjon.
Kart som viser Sæbøvågen: