Fleire lurar på kva dette skipet har halde på med i ei veke
Skipet FS Aquarius har ligge i mange dagar i fjorden mellom Finnøy og Sjernarøyane.
Øyposten har fått spørsmål frå fleire lesarar om kva eit stort skip har halde på med i sjøen utanfor Mjølsnes-landet den siste veka.
Er det seismiske undersøkingar, eller har det noko med kraftkablar å gjere? Folk lurar etter at dei i dag etter dag har sett eit digert skip ligge på tilnærma same flekken ute i fjorden nord for Finnøy.
Øyposten har undersøkt saka og funne svar. Appen Marine Traffic viser at skipet er det britisk registrerte FS Aquarius. Dette skipet tilhøyrer det britiske selskapet Benchmark Animal Health som gjer noko så spesielt som å reinse vatn som har blitt bruka til å reinse laks for lakselus.
Den siste veka har dei jobba for Mowi.
– Me leiger dei til ein avlusingsoperasjon me held på med i eit anlegg i Hjelmeland, seier produksjonssjef Bernhard Østebøvik i Mowi.
– Dei gjer seg ferdige for oss i dag, måndag, legg han til.
For å fjerne lakselus brukar Mowi eit kjemisk parasittmiddel som heiter ectosan. For å få fjerna ectosan frå vatnet etter behandlinga, køyrer brønnbåtar i skytteltrafikk frå Hjelmeland ut til skipet nord for Finnøy.
– Reinsing av behandlingsvatn kan berre skje på godkjende plassar, blant anna nord for Finnøy, seier Østebøvik.
Benchmark Animal Health leiger seg ut til forskjellige lakseselskap, så når dei er ferdige for Mowi i dag, betyr ikkje det automatisk at dei flyttar. Øyposten får opplyst at skipet skal ligge til tysdag neste veke, viss det ikkje blir forsinkingar.
Kart som viser omtrent kor båten har ligge: