Blant anna på Ryfylkeøyane har Meteorologisk institutt nå sendt ut gult farevarsel for gras- og lyngbrann.

Som følgje av varselet vil det laurdag og søndag vera eit skogbrannhelikopter i beredskap i Sauda, melder Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

– Det er til nå i år registrert 66 brannar i utmark og innmark, mot 33 for same periode i fjor, skriv DSB i ei pressemelding.

Konsekvensar av det gule farevarselet er at vegetasjon lett kan antennast og store område bli råka.

Gras og lyngbrannfaren gjeld i snøfrie område, og faren vil gjelde til det kjem nedbør av betydning. Ifølgje varselet for den neste veka er slik nedbør ikkje i sikte.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane, der det heilt i slutten av tidagarsperioden kan kome litt regn. Foto: Yr.no