«Det gule hus» må auka omsetjinga i løpet av våren for å hindra nedlegging, melde Øyposten nyleg.

Huset der «Det gule hus» leiger lokale, har vore til sals sidan august. Over butikklokalet i første etasje er det fem bueiningar til utleige.

– Me har hatt ein del innom for å sjå, men har ennå ikkje fått den prisen kjøparen ønskjer, seier meklar Øyvind Bjørgengen i EiendomsMegler 1.

Huset ligg ute på Finn med prisantydning 5,75 millionar kroner.

Rygjabøvegen 10 er ein «spennende bolig med historisk preg», står det i salsoppgåva. Huset er frå cirka år 1900, og det var her den første Coop-butikken på Judaberg etablerte seg, går det fram. Før «Det gule hus» flytta inn i fjor, var det røyrleggjarbutikk der.

Seljar er Jonas Bayat Augestad, som er tømrar og driv einskildpersonføretaket Augestad Bygg.

I nabohuset, Rygjabøvegen 6, blei det sist veke ledig lokale på gateplan då Finnøy Pizza tok med seg pizzaomnen og flytta opp til Dickens. Kva som kjem i staden, er ennå ikkje klart.

– Me håpar å få inn nokon som vil drive handel, for å halde liv i sentrum, seier Nils Petter Flesjå, ein av eigarane i eigarselskapet Finnøy Eiendom AS:

– Me satsar først på at jungeltelegrafen vil gjere det kjent at lokalet er ledig, så får me sjå.