NVE ber lnett sjå på ny på Mosterøy, KULA-landskap og Bru og Sokn

NVE har bedt Lnett om å utføra tilleggsutredningar av mellom anna traséforslag som har kome inn under høyringa av konsesjonssøknaden.

Den nye kraftkabelen er foreslått å koma i land ved Prestvågen på Rennesøy.
Publisert:

RENNESØY: Det kom inn rundt 90 innspel til prosjektet om den nye kraftforbindelsen frå Randaberg til Rennesøy.

- Det var venta at NVE ville be om tilleggsutredning i denne saka. Me går nå gjennom brevet og vil laga ein plan for å svara ut alle punkta i tilleggsutredninga. I tillegg vil me ha dialog med kommunane, samt berørte interessenter ved behov, seier prosjektleiar Inge Lunde i lnett. 

Justering av trasé på Mosterøy

Kraftlinja er foreslått over Bru og Sokn.

Det kom inn rundt 90 innspel til konsesjonssøknaden då den var på høyring. Det blei mellom anna gitt innspel til justeringar og alternative traséar.

Lnett blir mellom anna annet beden om å vurdera desse traséendringane:

  • Revurdere traséalternativer som går frå Harestad transformatorstasjon ned til Harestadvika og vidare til Bru
  • Ilandføring av kabeltrasé 1.0.2 i Bekkarvika på Mosterøy i staden for på Humlanes.
  • Traséforslag 1.2.X over Mosterøy eller trekkja trasé 1.0 lenger inn på land på Mosterøy
  • Mulig justering av trasé 1.0 på Mosterøy for å unngå konflikt med kulturminner 


Lnett er beden om å gje ein oppdatert teknisk og økonomisk vurdering av kabel som alternativ til luftledning på kortare eller lengre strekningar. Det skal vidare vurderast korleis det på grunnlag av ny informasjon eller høyringsinnspel er behov for å supplera eller endre vurderingane av sjø- og /eller jordkabel som alternativ til luftledning på nokre delstrekninger av traséene.

KULA og spredeareal

Den nye kraftforbindelsen vil berøra KULA-landskapet på Rennesøy.

I forbindelse med konsesjonssøknaden er det laga fleire fagrapporter om ulike tema, deriblant naturmangfold, landbruk, kulturminner og landskap. NVE ber om oppdatert gjennomgang av enkelte utredninger, og at Lnett gjer nærare greie for enkelte konsekvensar: 

  • NVE ber om oppdatert gjennomgang av utredningane for naturmangfold, og særlig raudlista og sårbare fuglearter.
  • Lnett skal foreslå tiltak for å redusere kollisjonsrisiko og forstyrrelse av fugl på aktuelle strekningar, og eventuelt andre tiltak for å minimere virkningar for naturmangfold. 
  • NVE ber Lnett gjere greie for nivået på erstatningsutmålingar frå eventuelle skjønnsavgjørelser der økonomisk erstatning av tapt spreieareal på innmarksbeite og /eller erstatning for andre driftsulemper for landbruket er inkludert.
  • NVE ber Lnett beskriva kva ein Nær Ved-Avtale inneber med tanke på for eksempel muligheter og metodar for gjødselspreiing, vatning, bruk av jordbruksmaskinar og skjøtsel av kystlynghei, herunder behov for gjensidige tilpasningar og kostnadsdekning.
  • Lnett skal vurdere og beskrive tiltak som kan redusere ulemper for landbruket, som trasé- og mastetilpasningar, på dei strekningane der høyringsuttalelser peikar på at ulempene kan være store.
  • Lnett skal redegjøre for eventuell oppdatert informasjon om områda med status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA), og på kva måte tiltaka er planlagt for å ta hensyn til landskapsverdiane. Mulige avbøtande tiltak skal vurderast.
  • NVE ber Lnett supplere utredningene for friluftsliv i forhold til beskrivelse og vurdering av virkningar for viktige og kartlagte friluftsområder, som eksempelvis på Bru og Sokn, regionale friluftsområder og regional grønnstruktur.
  • NVE ber Lnett om å peika ut konkrete strekningar der kamuflering av master kan ha god effekt, og drøfte fordeler og ulemper.
  • NVE ber Lnett redegjøre for om deira anlegg kan påvirke mobilsignalene i nærliggjande områder 
Publisert: