Utdelinga av Vaffelfisken begynte laurdag 16. september. Du kan framleis hente deg eit eksemplar på biblioteket. Foto: Silje Talgø Klakegg

I år er det ei barnebok som delast ut, nemleg Vaffelfisken av forfatter Bjørn F. Rørvik og illustratør Per Dybvig.

Boken handler om ei rev og ein retthala grisunge, og venskapet mellom dei. Dette er bok nummer 12 i serien om desse rare dyra. I denne boka leiter dei etter ein vaffelfisk etter å ha lest om denne i ei bok dei hadde lånt på biblioteket.

Bjørn F. Rørvik som har skrive boka, er ein særleg produktiv barnebokforfattar, som blant anna står bak dei humoristiske og veldig kjende billedbøkene om De tre Bukkene Bruse.

Illustratør Per Dybvig kjem frå Stavanger og har illustrert ei rekke barnebøker. Han har vunne fleire prisar for teiknekunsten sin. Ein av prisane fekk han saman med Rørvik for bøker i serien Reven og Grisungen.

Ved Finnøy bibliotek blei det på laurdag delt ut rundt 30 eksemplarer av Vaffelfisken.

– Eg reknar med det blir delt ut mange fleire når Rørvik kjem og presenterer boka 27. oktober, seier Liv Klev ved Finnøy bibliotek.

Rebecca Egeland ved Rennesøy bibliotek seier at det ikkje blei henta ut for mange eksemplarer hjå dei.