Tilfeldig bilde frå felles oppskyting av fyrverkeri på Judaberg sist nyttår. Foto: Silje Talgø Klakegg

Finnøy Kristelege Ungdomslag inviterer til nyttårsfeiring i Kulturstova, med aldersgrense frå 8. klasse.

Ingveig Reilstad er ansvarleg for arrangementet, og fortel Øyposten at ungdomslaget har lange tradisjonar med nyttårsfeiring for ungdommar på Finnøy og øyane rundt.

– Det har alltid vore ei samling som er open for alle ungdommar frå 8. trinn, og til ein sjølv kjenner seg for gammal. Då er det sjølvsagt lov å vere med som vaksenleiar eller i planleggingsgruppa.

Reilstad fortel vidare at ho hugsar sjølv kor kjekt det var å alltid vite kor ho skulle feire då ho framleis gjekk på skulen.

– Det var der alle skulle, og ingen usikkerheit knytt til det.

Arrangementet er rusfritt, også for dei som er over 18 år.

– Når feiringa inkluderer akke, er det viktig for oss å leggje til rette for at alle som kjem skal få kjenne seg trygge, i tillegg til at dei skal ha det kjekt.

Tema for kvelden

For at kvelden skal blir ekstra minneverdig, har dei eit tema for kvelden.

– Tema for nyttårsfeiringa er «Grammy-utdeling». Me ser fram til mykje god underhaldning frå scenen i år. I tillegg har me fått med oss eit band frå Kongshaug Musikkgymnas som skal spele god musikk i løpet av kvelden, fortel Reilstad.

Ho legg til at ungdomslaget har ein kristeleg profil, og det blir derfor ei tale i løpet av kvelden.

– Men ungdommar med andre livssyn er sjølvsagt like velkomne til feiringa.

Ho fortel vidare et ho trur at dette blir ein kveld som vil bidra positivt til fellesskapet blant ungdom frå Ryfylkeøyane.

– Me vil gjerne gå inn i det nye året som eit stort, samla fellesskap kor me inkluderer og heier på kvarandre. Nyttårskvelden er ikkje ein kveld der nokon skal kjenne seg einsame. Eg gler meg masse, seier ho.

– Planleggingsgruppa er godt i gang med å planlegge, og fleire har allereie meldt seg på. Det er kjekt. I tillegg er det veldig kjekt å stadig få meldingar frå folk som spør om me treng hjelp med noko. Då er det ekstra kjekt å arrangere ting på Finnøy!

Skulle nokon ha utfordringar med å betale dei 250 kronene det kostar å melde seg på, kan dei kontakte ungdomslaget for å finne ei løysing på dette.

Berre for dei vaksne

Du må vere minst 18 år for å delta på Finnøy Bygdeungdomslag si feiring av nyttår. Denne feiringa vil finne stad i 2. etasje i Finnøy fleirbrukshall, og dørene opnar klokka 19.

– Til middag vil det bli servert viltgryte og småpoteter. Til dessert blir det panna cotta. Bygdakokken står for både mat og dessert, så her kjem ingen til å bli skuffa, lovar bygdeungdomslaget på Facebook.

Vidare skriv dei:

– Me vil stille med noko brus for dei som ønskjer det, og elles tar du med det du sjølv ønskjer å drikke.

Finnøy bygdeungdomslag lovar god stemning, aktivitetar og fyrverkeri.

– Meir informasjon og påmelding finn du på Facebook, skriv leiar Hanne Gjersdal i ei melding til Øyposten.