SJERNARØY: Dei to nye lausdriftfjosa med mjølkerobot er det Anders Vadla på Tjul og Jon Nesheim på Bjergøy som har tatt i bruk.

Dei to mjølkebøndene har langt på veg køyrt eit parallelt løp. Dei bygde på likt, og den eine mjølka første gang i nyfjøset tysdag morgon mens den andre mjølka for første gang tysdag kveld.

– Det har vore ein stor fordel å diskutera bygginga, for fjosa våre er ganske like, seier Jon Nesheim.

I tillegg til desse to fjøsa er det dei siste åra bygd tre nye fjøs, som Øyposten tidlegare har omtalt. Det eine er også eit lausdriftfjos, på Bjerga på Bjergøy, som Torgeir Aartun har bygd. Dessutan er det eit nytt fjos på Aubø for ammekyr, og eit nytt, sjølvbygd fjos på Kyrkjøy, også for ammekyr. Dei to er det Kjartan Nedrebø og Jørgen Kvæstad Evjen som står for.

– Kjekt at så mange satsar her i øyane, seier Anders Vadla. Foto: Rune Nedrebø

Gror godt

Det gror med andre ord ganske godt i bondemiljøet i øyane.

– Det er veldig kjekt at så mange satsar, det er bra for miljøet, seier Anders Vadla til Øyposten.

Det nye fjøset på Tjul er lyst og luftig, utstyrt med mjølkerobot og vannmadrasser til kyrne. Det er mjølkeavdeling og velferdsrom, alt etter oppskrifta.

Ein liten finesse er at den varme mjølka blir brukt til varmegjenvinning, og varmar opp varmtvannsberedaren. Det varme vatnet går både til vask og til lunka drikke til kyrne.

– Det er ein heilt annan kvardag å jobba i dette fjoset i forhold til det gamle båsfjoset me hadde på garden. Dette er eit bygg for framtida, seier Anders Vadla.

Hektisk tid

To nye lausdriftfjos i øyane. Her er det eine, på Nesheim. Foto: Rune Nedrebø

Også på Nesheim på Bjergøy synes Jon Nesheim og sambuar Caroline Ytrenes at det kjekt å koma inn i det nye fjoset. Ho jobbar som ambulansearbeidar i Helse Fonna i Sunnhordland, og noko på skulen på Sjernarøy.

– Det gir ein heilt annan guts til å stå på, det er veldig motiverande, seier Nesheim, men understrekar at det har vore ei travel til.

– Me fekk byggetillatelse 9. oktober, og 18. november kom minstejenta Tuva til verda. Det har vore ei hektisk tid, seier dei begge.

Begge fjøsa er bygde slik at kyrne kan gå inn og ut som dei vil, men Jon Nesheim vil venta med å sleppa dei ut til dei har blitt meir vane med det nye fjoset og mjølkeroboten.

– Eg er spent på om dei vil ut når den tida kjem, for inne i fjoset får dei både kraftfor og silofor. Men eg satsar på at det går bra, seier Nesheim.

Håpar på godt jorbruksoppgjer

Robotmjølking og vannmadrasser i fjoset til Anders Vadla. Foto: Rune Nedrebø

Begge bøndene håpar på eit godt jordbruksoppgjer for mjølkebøndene i år.

– Det treng me verkeleg, for me har sakka akterut, seier Jon Nesheim.

– Eg skulle ynskja at me fekk så godt betalt for mjølka at me slapp å be om støtte til å byggja fjos. Det ville vore fint, seier Anders Vadla.

Fjoset på Tjul reknar Anders Vadla med kostar vel åtte millionar kroner, mens det på Nesheim kostar rundt sju og ein halv millionar kroner. Begge har fått to millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge.

– Utan den støtta hadde det nok ikkje gått, seier Anders Vadla.

Stor eigeninnsats

Kvoten på Tjul er på 190.000 liter, av det leigar han 20.000 liter, men Anders Vadla håpar han skal koma opp i ein kvote på 250.000 liter. Jon Nesheim har ein kvote på 150 tonn, men håpar å kunna auka til 230–250 tonn.

Dei nye fjosa har også gitt arbeid til lokale firma. Jon Nærland har levert vannmadrassene, Finnøy Contracting har stått for støypearbeidet, mens Østhus Bygg & Maskin har tatt seg av snekkerarbeidet. Innredning og mjølkerobot er det Felleskjøpet som har levert og røyrarbeidet er det Finnøy Rør som har gjort. I tillegg har dei begge lagt ned ein stor eigeninnsats.

– Det har vore ein fornøyelse å samarbeida med alle som har jobba her, understrekar Anders Vadla.