SJERNARØY: – Det er mykje gjenbruk her, men det er jo «in» i tida, seier Eike humørfyllt.

Arbeidsfolk er i gang med å byggja ny mjølkebu på garden, men elles har han gjort mykje sjølv. Innredning har han skaffa frå både Brusand, Ålgård, Hervik og Nærbø, mens varmtvannsberedarane har han kjøpt brukt på Rennesøy og Finnøy.

Han har også lagt ned ein stor arbeidsinnsats for å flytta kyrne heim. I tillegg har han nyleg kjøpt nabogarden Venja, den med bedehuset på sin grunn, og der må det også oppfisking av det gamle fjoset til.

– Eg reknar med å investera rundt ein million kroner, kanskje litt meir, seier Per Jakob Eike til Øyposten.

Eike har ein kvote på 224.000 liter, i tillegg til eggproduksjon. Finasieringa har han stått for sjølv, utan støtte frå offentlege etatar.

– Innovasjon Norge gir ikkje støtte til oppfisking av båsfjos, så vidt eg veit, seier Eike.

– Eg overtok garden då landbruksminister Gunhild Øyangen var landbruksminister. Den gongen var økonomien i jordbruket ganske bra, men sidan den gong har det gått nedover. Me har ikkje fått del i den økonomiske veksten som andre grupper i samfunnet har hatt, seier Per Jakob Eike, som er niande brukar på garden på Bjergøy.