Alt klart for haustens store happening på Finnøy

Etter suksessen i fjor blir det ny haustfest i Fleibrukshallen 21. oktober.

Erik Slim Zahl ønskjer velkommen til årets haustfest.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: På gjenopningsfesten etter pandemien i fjor var hallen fylt til siste benk. Erik Slim Zahl som står i spissen for arrangementet, håper på like stor deltaking i år, minst.

– Det var rundt 400 på festen i fjor, det er ingen grunn til at det skal bli færre i år. Billettsalet er godt i gang, og me kan etter kvart pusta med magen, seier Zahl. Han er profesjonell bluesmusikar og leiar musikkprodusentfirmaet Life Sound i Stavanger.

Variert program

Finnøypodden, med søskenbarna Vegard og Ruben Eggebø skal vera konferansierar og losa gjestene gjennom kvelden. Frank Tønnesen, alias Tønes, med bassist Gaute Tengesdal frå Finnøy, står ansvarlege for den musikalske biten. Elles kjem komikaren Rune Bjerga, bonde og forfattar Oddvar Vignes, og ikkje minst Leif Arild «Leffi» Steen. Med andre ord eit variert spekter av artistar.

I tillegg lovar Zahl ei overrasking.

Det blir mat og drikke frå lokale leverandørar.

Etter arrangementet i Fleirbrukshallen, opnar Stephan Dickinson dørene på «Dickins».

Publisert: