Unike Villa Reilstad: -Her føler eg meg heime

I Nådesundet på Finnøy, på Nærland, ligg den unike eigedommen Villa Reilstad, teikna av det kjente arkitektparet Helen&Hard i Stavanger. -Dette er ein plass eg føler meg heime, seier eigaren.

Det er romsleg, men like vel lunt i stova i huset til Merete Oftedahl Cox. Veggen mot aust og sør har vinduer frå golv til tak, og på golv og vegger er det brukt materialer av ask. I taket er det brukt gran.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: Villa Reilstad er eit stort hus, rundt 365 kvadratmeter, men ikkje prangande på nokon måte.

Bygningen glir fint inn i i terrenget, der han ligg på brinken ned mot Nådesundet. Store vindusflater gir eit fantastisk utsyn mot sundet og øyriket, og fjella i synsranda.

Taket er dekka med sedum, som lyser i haustsola i nyansar av gult, brunt og raudt. Ein hellelagd sti med steintrapper fører ned til trebrygga med naust og grillhytte. I utkanten av eigedommen er det gamle hønsehuset petitfullt innreia til anneks.

Denne skulpturen har hatt ei lang reise. Frå Thailand, via England til Finnøy. Det er Predator frå filmen Alien, og Merete synes han passar fint på berghylla nedanfor huset.

Ser du eigedommen frå sjøsida, frå sundet, er det heilskapen som slår deg. Hagen og bygningane passar så utruleg godt saman.

Eigaren av dette paradiset er Merete Oftedahl Cox, og etternavnet avslører at ho har forbindelse til utlandet, nærare bestemt England.

-Eg har budd i utlandet i mange år, både i Østen og i England. Men i april i fjor flytta eg heim til Norge, og busette meg på Finnøy. Dette er ein plass eg aldri har tenkt å forlata, seier Merete Oftedahl Cox til Øyposten.

Ein utsikt det ikkje går an å bli lei av.

Ho og ektemannen kjøpte eigedommen i 2011.

-Det heile skjedde veldig raskt. Me var på Fogn hos gode venner der, Jostein Tysse og kona Åse, og fekk vita om denne eigedommen. Eg ville ha noko landfast. Då budde me i utlandet, og det måtte vera enkelt å koma til og frå, seier ho.

Dei møtte eigaren, og pluseleg var eigedommen deira. Brygga, naustet og det restaurerte annekset var bygd ferdig, men bustadhuset på eigedommen var frå 30-talet, og ikkje i særleg god stand.

Ekteparet vurderte først restaurering, men etter å ha fått kontakt med arkitektane Helen&Hard i Stavanger blei det beslutta nybygg.

Dei brukte god tid på å planleggja og byggja, fem år, men i 2018 stod huset ferdig.

-Grønsaksavlinga blei ganske bra i år, seier Merete Oftedahl Cox, som prøver seg fleire slag grønnskar og urter i kjøkkenhagen, mellom  anna gulrot.

-Eg ville ha eit norsk preg på bygget, og det synes eg at eg har fått, legg ho til.

Innvendig er det brukt materialer i tre på golv, vegger og i taket. Lys ask og gran. Stova og kjøkkenet er eit rom, men sjølv om rommet er stort, verkar det likevel lunt.

Dei store vinduene gjer at naturen kjem nært innpå, og forsterkar den lune følelsen inne.

-Eg ville ha noko som var tidlaust, og det tykkjer eg at eg har fått, seier eigaren.

Merete Oftedahl Cox er opphavleg frå Madla, og på spørsmål om korleis ho trivst på Finnøy, svarar ho.

-Veldig godt, naboane er veldig hyggelege og eg opplever å bli teken svært godt imot, seier Merete, som i haust har planar om å delta på sin første hummarsesong.

Brygga mot Nådesundet.

-Det spørs om eg får noko, men eg gledar meg til å prøva, seier ho.

Merete er også ein ekte hage-entusiast, og har planlagd hagen sin sjølv. Og når det ikkje er hus eller hage på programmet, er ho ofte å sjå som frivillig på sjukeheimen på Finnøy.

Ho og ektemannen har skilt lag, men barna, som bur i England og USA, elskar begge plassen på Finnøy.

-Eg ville ha eit hus for framtida med plass, slik at eg kunne samla familien rundt meg. Det var eg van med, seier Merete, som skundar seg å leggja til at i tillegg til arkitektane har også dei som bygde huset gjort ein kjempejobb.

-Det gjeld både byggmester Corneliussen og alle underentreprenørane. Det verka som om dei var skikkeleg engasjert i prosjektet, seier Merete Oftedahl Cox fornøyd.

Merete har ordna hagen sjølv, men fått hjelp til plantevalg og planting av Hagen Gard i Randaberg.
Publisert: