Fire kvinner og tre menn i det nye styret for Meieriet

Det nye styret for Meieriet bestå av fire kvinner og tre menn, i motsetning til det gamle styret som bare bestod av menn.

Andreas Kjølleberg er ny styreleiar for Meieriet.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Andreas Kjølleberg, opphavleg frå Farsund, er vald til ny styreleiar etter David Lilleheim. Kjølleberg jobbar til dagleg som pedagogisk leiar i Østhusvik barnehage.

Med seg i styret får han Evy Østbø, Tine Voll, Hildegunn Hausken, Linn Beate Austbø, Knut Hausken og Arild Nådland.

-Me vil samla oss over påsken for å leggja dei vidare planane framover, seier Andreas Kjølleberg til Øyposten.

Linn Beate Austbø blir med i det nye styret.

Han ser det som ei viktig oppgåve å skapa liv i Meieriet for alle aldersgrupper, både for barn og unge, for unge vaksne og for dei godt vaksne.

-Me har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på «helaften» me arrangerte nyleg, og me håpar me kan få til noko liknande igjen, seier Kjølleberg.

Han legg også til at komiteen for Rennesøydagen har ytra ynskje om eit kjekt arrangement på Meieriet i den anledning.

-Me veit ikkje sikkert når kommunen kjem til å stengja meieriet, men fram til då håpar me at me skal fylla det med innhald, seier den nye styreleiaren.

Ei viktig oppgåve blir også å koma med innspel til dei nye planane for Meieriet.

-Me er veldig glad for at kommunen har gripe fatt i dette og vil renovera bygget. Det er mykje spennande som skjer der i dag, men det er også eindel av arealet i bygget som ikkje blir brukt. Me håpar vår stemme blir høyrd i det vidare arbeidet, seier Andreas Kjølleberg.