FINNØY: Frå ein høgtalar strøymer liflege tonar frå Johan Sebastian Bach. Sola skin frå skyfri himmel denne varme seinsommardagen.

Bakar Kjetil Junge er i full gong med skuronna. På den kring 700 kvadratmeter store åkerlappen på Ladstein har urkornet Svedjerug frå Finnskogen vekse seg stort og høgt, nærare tre meter med oppptil 96 korn per aks.

-Det blir det mykje Ladstein-brød av, seier han.

Men kornet har lagt seg, og arbeidet er tungt. -Det var tyngre enn eg hadde sett føre meg, men du verda så eg kosar meg. Sjå kor gyllent og vakkert det har blitt, seier han og hever sigden.

Juksar litt

Kornet er hausta med sigd, men også med hekksaks. Foto: Hjørdis Halleland Mikalsen

Du hugsar kanskje historia om den entusiastiske Kjetil Junge som fann ein 200 år gammal vedfyrt bakaromn skjult bak murveggen då han skulle pusse opp huset sitt i Bakergata i Stavanger?

Han hadde inga utdanning som bakar. Han blei det i det augneblinke skatten bak murveggen openberra seg. Sidan har det teke heilt av.

Det billigaste brødet han sel kostar 100 kroner. Likevel er han utseld kvar veke. Fredag er utsalsdag, ofte står det kø utanfor byens minste og mest eksklusive bakeri.

Rosenkildehaven Bageri har for lengst blitt ein snakkis i Stavanger, og sidan opninga for tre år sidan har kundemassen berre auka på.

Og om alt går etter planen vil det snart bli mogleg å kjøpa brødet hans på Gardsbutikken på Nærland og.

-Eg har alltid hatt Ladstein-brød på menyen. Men no er det hundre prosent ekte, for no kjem sjølve kornet òg frå Ladstein, seier han og hevar sigden nok ein gong. Han må slå fleire gonger før han kjem gjennom.

- Skal du bruke sigd på alt dette?

Han smiler og retter seg opp.

-Vel. Det var planen. Eg er oppteken av å gjere alt på gamlemåten. Men der tok eg meg nok litt vatn over hovudet. Det gjekk ikkje å skjære kornet med langhjå. Stråa er for tjukke. Sigd fungerte litt betre. Men det ville tatt for lang tid.

Så, ja, eg juksar litt. Innimellom er eg nøydt til å bruke hekksaks.

Lang i maska

Urkornet Svedjerug frå Finnskogen har vakse seg stort og høgt på Ladstein. Foto: Hjørdis Halleland Mikalsen

Kornet bind han opp på store staurar der det heng til tørk. Deretter skal det treskast.

Planen var å få tak i ein treskjemaskin av den gamle gode sorten. Også det viste seg å vere vanskelegare enn han først hadde trudd.

-Eg leita lenge. Ein dag vart eg kontakta av ein mann som hadde ein ståande på låven. Eg blei kjempeglad, og reiste straks å hente maskinen. Problemet var at det eg trudde var ein treskjemaskin viste seg å vere ein nepekuttar. Kan tru eg blei lang i maska då eg oppdaga det, ler han.

Men Kjetil Junge gjer seg ikkje. Det ligg ikkje til han å gi opp. Jakta på ein gammal treskjemaskin held fram. Snart skal han så i åkeren på Ladstein på ny.

-Det blir ikkje stort kulturberande enn dette, seier han.

Kjetil på kino

Og som om ikkje det var nok. No kan du gå på kino å sjå Kjetil bake. Nyleg var det Norgespremiere på kortdokumetaren «Pane – en film om brød og tid» regissert av forfattaren, lyrikaren og regissøren Odveig Klyve.

Pane er utanlandsk og tyder brød, for dei som lurte. Det er ingen som seier noko, ingen kommentarer, ingen tekst. Berre fullt fokus på Kjetil medan han utfører eldgamalt handverk med kjærleik og kunnskap til tonane av musikk laga av komponist Bodhild Vossgård.

-Filmen blei kjempefin, som eit kunstverk i seg sjølv, seier den entusiastiske bakaren, løfter på hatten og tørker sveitte av panna før han går laus på siste del av åkeren på Ladstein.