500 kom då Karl Olav og Elise åpna garden sin
Det var fullt med folk «heile dagen» då Elise Assersen Hodnefjell og Karl Olav Hodnefjell på Mosterøy inviterte til åpen gard søndag.
MOSTERØY: Folk storkoste seg i det flotte søndagsværet, og Rennesøy Bondelag, Utstein 4H og Mastra Hesteportklubb hadde saman med ekteparte laga til mange kjekke aktivitetar.
-Det var rundt 500 innom, det er me kjempefornøyd med, seier Karl Olav Hodnefjell til Øyposten etter at arrangementet var over.
Både han og kona, familie og venner pluss bondelaget har stått på for å få alt klappa og klart til arrangementet søndag.
-Det var ein del arbeid i forkant, men så fekk me nytta anledningen til å rydda litt på garden også, seier Karl Olav Hodnefjell.
Det kom folk både frå Stavanger og Jæren, og sjølvsagt frå Rennesøy til arrangementet, kor du kunne konkurrera i å bera staur og slå med slegge. Vidare var det klekking av kyllingar, som var ein av favorittane til dei yngste. Det var også hopping i høyet i løa, ponniriding, presisjonsgraving med gravemaskin, flott veterantraktor-utstilling og natursti.
Både Tine og Nortura stilte med utdeling av gratis mat og drikke.
Rennesøy Bondelag arrangerer «Åpen gard» annakvart år, for å visa litt av det bøndene driv med.
Ifølge Karl Olav Hodnefjell er tilbakemeldingane frå dei som kom vore svært gode.
-Me har fått svært god respons, folk koste seg verkeleg. Det er kjekt med så mange glade folk, seier ekteparet på Mosterøy.
Både han og kona Elise trur åpen gard har ein betydning for folk sin oppfatniung av bøndene og landbruket. Ekteparet har ein mjølkekvote på 126.000 liter pluss 85 vinterfôra sauer. Med andre ord eit ganske gjennomsnittleg gardsbruk i norsk målestokk.
-Me må reklamera for det me driv med, seier ho, og framhevar også teltet kor det blei seld landbruksprodukt frå øyane.
-Det er kjekt å kunna tilby kortreist mat og visa at me utnyttar ressursane som er i området, seier Elise Assersen Hodnefjell.
Folk Øyposten snakka med under «Åpen gard» var også svært begeistra for arrangementet.
-Det er heilt fantastisk, og tenk at det kom så mange. Men det må vel ha vore mykje arbeid, seier Gitlaug Sokn frå Mosterøy, som håpar arrangementet bidreg til å støtta opp om bøndene.
-Det treng dei, slår ho fast.
Pål Skjelstad frå Sandnes hadde med kona Renate og barna Tilje og Ella, og ekteparet synes det var eit topp arrangement.
-Veldig bra, og god reklame for landbruket, seier dei.