Pia Soma Nårstad (f.v.) skal samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp på Ombo. Alle konfirmantane i Den Norske Kyrkje vil gå med bøsse den neste veka. Foto: Silje Talgø Klakegg

Onsdag ettermiddag var dei 46 konfirmantane frå Finnøy kommunedel samla på Finnøy bibliotek for siste runde med konfirmantundervisning, og for å høyre om kva pengane dei skal samle inn vil gå til.

– Tradisjonelt har fastetida, altså tida mellom fastelavn og påske, blitt nytta til bøn og tankar om dei som ikkje er like heldige som oss. Det er ei fin tid å sjå andre og å ikkje berre tenkje på seg sjølv, seier Brenda Marie Talgø Kolstadløkken.

Til Libanon

Ho fortel om ei jente som bur i Libanon, og som ved hjelp av Kirkens Nødhjelp har fått tilgang på reint vatn.

– Det er ganske utruleg kor mykje dette vatnet som me tar som ei sjølvfølgje betyr for dei som ikkje har tilgang på det. Me nyttar jo vatn til så mykje. Til å drikke, vaske oss med og til matlaging. Korleis hadde liva våre vore viss me ikkje hadde vatn? spør Kolstadløkken.

Viktig vatn

Årets fasteaksjon handlar om nettopp dette. «Håp i en dråpe vann» er namnet på aksjonen, og pengane som ungdommane skal samle inn, vil gå til dette prosjektet.

– Me i kyrkja har eit spesielt ansvar for å ta oss av dei som ikkje har det like godt som oss, seier Kolstadløkken vidare:

– 771 millionar menneske i verda manglar tilgang på vatn, og rundt 700 barn døyr kvar dag på grunn av vassmangel.

Konfirmantane på sjølve Finnøy vil gå tysdag 19. mars. På Sjernarøy vil du finne bøssebærarar på butikkane etter skuletid måndag 18. mars, og på Ombo vil de sitje på butikken allereie førstkomande fredag.

På Talgje og Fogn vil dei gå runden ein gong mellom 15 og 19 mars.

På Rennesøy

Dagleg leiar i kyrkja i Rennesøy, Jørn Eric Gabrielsen informerer om at dei i den kommunedelen køyrer digital fasteaksjon via sosiale medium i år.

– Det var ein suksess i fjor, og me vonar å kunne gjenta dette i år også, seier han.