Mørk vinter i Lauvsnes Gartneri: Ingen vinterproduksjon

Jan Terje Vignes ser seg nødt til å kutta ut produksjonen av tomatar i vinter på grunn av dei skyhøge energiprisane. -Det er ingen kjekk situasjon, seier Finnøy-gartnaren.

-Ingen kjekk situasjon, men me håpar me skal ri stormen av, seier Jan Terje Vignes.
Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: -Me er nødt til å gjera tiltak. Med dei vanvittig høge straumprisane går det ikkje å halda produksjonen i vinter i gang, seier Vignes til Øyposten.

Gartneriet har 45 tilsette, men Vignes vil prøva å halda på arbeidsfolka sine så godt han kan.

-Me har ein god stab som me gjerne vil ta vare på så godt me kan. Nokre av dei kjem nok til å reisa heim i vinter, mens andre vil bli engasjert hos oss med å rydda drivhuset og få ulike oppgåver med vedlikehald i gartneriet. Me prøver å ha dei i arbeid så lenge me kan, seier Jan Terje Vignes.

Gartneria på Finnøy lyser opp i haustmørket.

To mill. kilowatt i månaden

Viss Vignes skulle hatt full produksjon i vinter, ville det betydd eit straumforbruk på pluss minus to millionar kilowatt i månaden.

-Med straumprisar på 10 kroner, og kanskje 20 kroner som det er blitt antyda, seier det seg sjølv at det ikkje går. Det er ikkje lønsomhet til å betala ei straumrekning på 20–40 millionar kroner i månaden, seier han.

Regjeringa har fått på plass ei kompensasjonsordning for gartneria, men problemet ifølge Vignes er at pengane kjem alt for seint.

-I verste fall kan det gå seks månader før me får pengane. Viss me kunne fått dei månaden etter ville biletet sett annanleis ut, meiner han.

Gartnaren på Finnøy trur ikkje regjeringa har tatt inn over seg kor dramatisk situasjonen er for grøntnæringa.

Lauvsnes Gartneri må kutta ut vinterproduksjonen av tomatar.

Som å skvetta vatn på gåsa

-Den verkar ganske handlingslamma, seier han, og irriterer seg over ein landbruksminister som i Dagnytt 18 framhevar det gode jordbruksoppgjeret i vår.

-Eg fekk 51.000 som følge av den ekstra utbetalinga i jordbruksoppgjeret, det er som å skvetta vatn på gåsa, meiner han.

Ifølge Vignes har forbruket av tomatar vore veldig bra gjennom sesongen, og samarbeidet med butikkane har vore godt.

-Men dei blir også ramma av dei høge straumprisane, noko som dei i høgaste grad merkar på nettoen. Difor er dei blitt nødt til å setja opp prisane på tomatar for å tena pengar. Frå slutten av august og i september har me merka ein nedgang i salet, legg han til.

-Korleis opplever du denne situasjonen personleg?

-Me har vore i stormar før, men det er klart at dette ikkje er kjekt. Det er tøft, for det er ikkje bra for likviditeten vår. Men me håpar me skal klara å ri stormen av denne gongen og, og me er nødt til å gjera tiltak ved å kutta ut produksjonen av tomatar frå desember til april. Me må spara der me kan, seier Jan Terje Vignes.

Publisert: