Gjorde feil, baud for mykje for leige av tomt til branngarasjar
Kommunen baud det same for leige av tomt til branngarasjar, som dei betalte for leige av hus til brannvognene på øyane utan fastlandssamband.
STAVANGER: Spørsmålet om hus til brannvognene på «dei ikkje landfaste øyane» har nyleg teke ei ny vending.
Til Øyposten kunne kommunedirektør Leidulf Skjørestad for litt sidan opplysa om at kommunen har god tru på at det kan bli snarleg bygging av depot for brannvogner på øyane i Finnøy.
Han beklaga at det hadde teke så lang tid, men understreka samstundes at vognene er lagra midlertidig, trygt og godt.
Under møtet i utvalet for miljø og utbygging i Stavanger kunne Birger W. Hetland (sp) opplysa at tonen ikkje var så god lenger i forhandlingane med kommunen om tomteleige.
Då kunne Skjørestad opplysa om at kommunen hadde gjort ein feil, og tilbydd like mykje for leige av tomta som kommunen betalte for leige av både hus og tomt til mellombels lager.
-Det gjekk litt for fort i svingane, opplyste Skjørestad, som la til at grunneigarane ikkje syntes noko om at dei skulle få ein mindre pris enn først antyda.
-Det er greit nok, me kjem til å betala for mykje, men det kan me leva med. Dette er ordna nå, og bygginga av garasjane er sett ut på anbud, opplyste Skjørestad.