Finansieringa av sykkelvegen på Finnøy er i boks

Stavanger kommune blar opp med 15 millionar kroner for å fullfinansiera bygginga av gang- og sykkelvegen frå Judaberg til Nådå.

Ordførar Kari Nessa Nordtun, Mari Medhus Breiland og Birger Wikre Hetland er glade for at finansieringa nå er i orden.
Publisert:

STAVANGER: Det er klart etter at årets Stavanger-budsjett er vedteke. Frå før har fylket gått inn med 15 millionar kroner, men på vilkår av at også Stavanger yter eit tilsvarande tilskot.

Heile prosjektet er kostnadsrekna til 50 millionar kroner, og dei resterande 20 millionane blir tekne frå overskotet i Finnfast.

Viss ikkje Stavanger kommune hadde bladd opp, ville overskotet i Finnfast blitt brukt til å oppgradera den undersjøiske fastlandsforbindelsen frå Rennesøy til Talgje og Finnøy.

-Dette er ein fylkekommunal veg, og det var ikkje sjølvsagt at Stavanger skulle gå inn med midlar, seier Sp-politikar Birger W. Hetland til Øyposten.

-Det var ein ganske stor jobb å få overtalt samarbeidspartia til å bli med på dette spleiselaget. Det sat langt inne, men det gjekk til slutt. Ikkje minst Senterpartiet har stått hardt på i denne viktige saka, legg Hetland til.

Opprinneleg ville Stavanger forskottera midlane, og få dei tilbakebetalt frå fylket på eit seinare tidspunkt.

Bygginga av gang- og sykkelvegen skal etter planen begynna i 2024, og det er også aktuelt å leggja den nye kraftforbindelsen til Finnøy i same traséen.