– Dette er ein viktig milepæl for Sterling sine planar for vidare vekst og ekspansjon for oppdrett av kveite i Ryfylke-regionen, skriv styreleiar Kjell Stenersen i Sterling Holding i ei pressemelding torsdag.

Selskapet med base på Randaberg overtek rensefiskanlegget på Talgje av Grieg Kapital.

– Me planlegg å utvide anlegget på Talgje med eit påvekstanlegg for å kunne auke produksjonen av kveite med 5000 tonn, skriv Sterling Holding:

– Me vil produsere 1700 tonn kveite i år, og auke til 3000 tonn neste år. Me søkjer om nye sjølokasjonar for kveite i Ryfylke og andre regionar framover for å nå målet om ein årleg produksjon på 10.000 tonn i 2030.

Dronebilde av det landbaserte oppdrettsanlegget på Talgje.

Sterling har slakteri for kveite i Mekjarvik i Randaberg. Klekkeri for kveite har dei i Rørvik i Trøndelag, men nå får dei òg eit klekkeri på Talgje.

Sterling skriv dette om kvalitetane til flyndrefiske kveite:

– Kveite har ingen luseproblematikk som laksen, og det er difor ingen lusebehandling i kveitas levetid. Sidan oppstarten i 2001 har me heller aldri opplevd rømming av fisk frå våre merdar. Sterling er eit godt innarbeida merkevarenamn, og me er stolt leverandør av kveite til kokkelandslaget.

Rensefiskanlegget på Talgje blei bygd i 2017 har produsert berggylt og rognkjeks, to fiskeslag som blir bruke til å bekjempe lakselus i oppdrettsnæringa. I fjor haust fekk dei i tillegg løyve til å produsere settefisk av kveite, innanfor ei samla biomasse i anlegget på 150 tonn.

Talgje Rensefisk AS har dei siste åra slite med underskot i rekenskapet.

Kart som viser rensefiskanlegget på Talgje: