Joakim har måla huset for å få fart på salet

Då kjøparar uteblei tok Joakim Wiborg målarkosten fatt.

Joakim Wiborg, kjent på Finnøy som Bygdakokken, med huset rett ved Kiwien som har vore til sals i nokre veker.
Publisert: Publisert:

– Me har ikkje hastverk, men det hadde vore kjekt å fått seld det, seier Joakim Wiborg.

Han snakkar om huset rett ved Kiwi-butikken på Judaberg, som har vore til sals eit bel. Wiborg og familien er nemleg på flyttefot til Sjernarøyane. Den 31. mai overtek dei Sjernarøytunet for å drive serveringsverksemd der ute.

– Huset lå først ute på Finn, men så tok me det av marknaden. Det var måla i ulike fargar, men nå har me måla i same farge og fiksa litt forskjellig. Planen er å leggje det ut igjen neste veke, seier Wiborg.

Huset ved Kiwien kjøpte dei for 2,65 millioner kroner i 2018, ifølgje grunnboka. Prisantydninga då huset lå ute på Finn tidlegare i vår var 3,25 millioner kroner.

Meklar Målfrid Tjora i Aktiv Eiendomsmegling har tru på at interesserte vil melde seg.

– Det har tatt litt tid, men det er eit godt hus, og no er det nymåla, seier Tjora:

– Tenk at du står og lagar mat og treng noko på butikken. Då er det kort veg.

Ho oppfordrar folk til å kome og sjå.

– Bustadmarknaden på øyane er ikkje heilt som på fastlandet, men eg ser ein tendens på Finnøy til at ungdomsgruppa er meir aktiv. Finnøy og særleg Judaberg er utruleg bra med både båt- og tunnelsamband, seier Tjora.

I skrivande stund ligg det ute på Finn 10 bustader for sal på Finnøy og 19 på Rennesøy.

Kart som viser bustadhuset som er til sals rett ved Kiwien på Judaberg:

Sjå oversikten over siste eigedomshandlar i øyane

Publisert: