17. mai nærmar seg med stormskritt, og er det éin ting mange lurer på, så er det korleis vêret blir.

Vakthavande meteorolog Dag Ottar Fagerlid opplyser til Øyposten at det har vore vanskeleg å melda 17. mai-vêret, men at dei no ser ut til å ha nokså sikre prognosar.

– Det er absolutt størst sjanse for at det ikkje blir regn, men vinden er litt kald. Eit skydekke ligg over Ryfylke og vil farga nasjonaldagen grå, i alle fall deler av den. Det er venta liten til stiv kuling frå nordvest, det gjer at temperaturen ikkje blir den heilt store. Den gode nyheita er vinden vil spakne utover dagen og temperaturen stiga. Det kan til og med henda at sola kikkar fram ut på ettermiddagen. Så alt i alt, ikkje med det verste. Eg vil sei godt bunadsvêr.

Meteorologen opplyser vidare at jo lenger inn i helga me kjem, jo betre blir vêret. Spesielt laurdag og søndag blir bra med gode temperaturar, lite vind og sol.

Dette lovar bra for langhelga som står framføre oss.