FINNØY: Ifølge driftsleiar i Norled, Anette Røberg, har selskapet fått fleire klager på at bilar skrapar nedi når dei køyrer av eller på ferja.

-Me har fått klager frå to personbilar som fleire gonger har skrapa nedi, pluss ei klage frå ein bubil, opplyser Røberg.

Ifølge Røberg skal skadene begrensa seg til ein spoiler og skraper på understellet.

-Det skuldast at dei nye ferjene er større og flyt høgare. Problemet gjeld bare ferjekaien på Helgøy, etter det me har fått rapportar om, og det gjeld i særleg grad ferja «Hidle», opplyser ho.

Her ville ikkje fotografen lagt fingeren mellom bilen og dekket. Foto: Rune Nedrebø

Lågt ferjeleie

Røberg legg til at ferjeleiet på Helgøy er «veldig lågt» i forhold til andre ferjekaiar i området, og at problemet er spesielt stort for bilar som ligg lågt på vegbanen.

-Ferjene er innanfor dei krava som er sett, nemleg frå 1,70 - 2,80 meter over havnivå, opplyser Røberg.

Norled jobbar nå saman med fylkeskommunen for å løysa problemet.

-Men ingen ferjekaiar er like i dette sambandet, noko som gjer det utfordrande å finna gode løysingar, seier ho.

Nå skal det like vel ei løysing på plass. Ferjeleiet skal byggjast opp med gummimatter, ei løysing som er blitt brukt med hell ved eit ferjeleie i Troms som har hatt same problema.

Gummimatter blir løysinga

Iføge Håkon Odland, byggeleiar for kaivedlikehald i fylkeskommunen, er dette matter som er lagervare.

-Me håpar å få mattene på plass i løpet av månaden, seier Odland.

Det er også planar om arbeid på Helgøy ferjekai, men når det skal skje kan han foreløpig ikkje seia noko om.

-Det er andre akutttiltak som me måtte ta først. Difor er det ikkje sett opp nokon dato der ennå, opplyser han.

Men reparasjonen blir avgrensa til å skifta ut løftetårna for ferjelemmen. Større utbetringar av ferjekaien er foreløpig ikkje aktuelt.