Denne haien blir det nå lovleg å fiska igjen
I 2009 blei fisket etter pigghå stansa, men frå årsskiftet er det igjen blitt lovleg.
FINNØY: Ein av dei som har fiska mykje pigghå, er Ivar Stang, ein av to fulltidsfiskarar på Finnøy. Den andre er sonen Kristian.
-Me fiska mykje pigghå før her i området, seier Ivar Stang til Øyposten.
-Kjem de til å ta opp igjen fisket når det nå er blitt lov igjen?
-Det tvilar eg på, for det er ikkje utbygd mottaksapparat for piggå, seier fiskaren frå Finnøy.
Han legg til at pigghå er ein framifrå matfisk.
-Flår du han og steikjer filetane på panna er det førsteklasses mat, heilt utan bein, seier Ivar Stang.
Før blei det selt mykje pigghå til Storbritannia, kor han blei brukt i fish&chips. Men ifølge Stang har engelskmennene nå gått mykje over til å bruka hyse i denne matretten.
Ifølge Ivar Stang er det nå så mykje pigghå på Møre-kysten, at det er blitt ei stor plage. Men tradisjonelt var det også godt pigghåfiske i Boknafjorden.
Pigghåen er ein haiart, og kan bli opptil 25 år gammal og måla heile 125 centimeter i lengderetninga. Den sym i stimar på hundrevis eller tusenvis. Det er det internasjonale havforskningsrådet (ICES)som tilrår at det nå blir åpna for fiske etter pigghå i Nordaust-Atlanteren.
Pigghå bør etast fersk, ellers skil den ut amoniakk. Kjøtet er ganske fast, og matekspertar samanliknar den med kveite eller breiflabb.