Stiller spørsmål ved om prosedyre for akuttbil er lovleg

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken reagerer på at akuttbilen på Judaberg aldri skal kunne brukast til Talgje eller Rennesøy.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) tar opp saka om akuttbilen på Judaberg i formannskapet.
Publisert: Publisert:

– Ifølgje helsepersonellova har helsepersonell plikt til å yte øyeblikkelig hjelp, seier varaordførar Dagny Sunnanå Hausken.

Ho er sjølv utdanna sjukepleiar og reagerte då ho las i Øyposten om at Stavanger universitetssjukehus har stramma inn praksisen for ein akuttbil ved ambulansestasjonen på Judaberg. Bilen skal berre brukast ved akutte situasjonar på sjølve Finnøy, står det i prosedyren som leiinga i ambulanseavdelinga har børsta støv av.

– Akuttbilen frå Judaberg kjem 10 til 15 minuttar raskare fram til Talgje eller Østhusvik enn ein ambulanse frå byen. Då kan det handle om liv eller død, seier Hausken.

I helsepersonellova står dette om øyeblikkeleg hjelp:

«Helsepersonell skal straks gi den helsehjelp de evner når det må antas at hjelpen er påtrengende nødvendig.»

– Eg kjem til å ta opp denne saka i formannskapet torsdag 28. september, seier Hausken:

– Eg vil spørje administrasjonen om prosedyren for akuttbilen på Judaberg er lovleg. Viss bilen har forbod mot å køyre til Talgje eller Østhusvik for å gi livreddande hjelp, så høyrest det merkeleg ut.

Publisert: