Inga enkel løysing på stinkande do i Vikevåg

Toalettet i den populære badeplassen Prestvågen på Rennesøy stinkar verre, men kommunen har ikkje nokon snarleg plan for å redusera ubehaget.

Do’en i Prestvågen i Vikevåg.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Det var Annett Haugvaldstad (sp) som tok opp saka i kommunedelsutvalet.

I spørsmålet påpeika ho på at Prestvågen er Vikevågs viktigaste badeplass og eit turmål for skular og barnehagar.

«Her er et toalett som trenger oppgradering. Unge og voksne kvier seg for å bruke
det. Synes det er ekkelt og lukter fælt. Rengjørings personalet i kommunen synes også dette er problematisk. Er dette et kommunalt offentlig toalett, og er kommunen klar over at det finnes, og kan gjøre noe? Dette er det eneste offentlige toalettet i området, heiter det i spørsmålet frå Haugvaldstad.

Unge og vaksne kviar seg for å gå på do her, meiner Anett Haugvaldstad.

Men kommunen har ikkje noko snarleg løysing, for toalettet står på privat grunn. Det skal nå undersøkjast om det finst avtale mellom kommunen og grunneigar, men luktproblemet blir ikkje borte utan at toalettet blir oppgradert, skriv kommunen i sitt svar.

Det er heller ikkje tilknytning til vatn- og kloakkledninger på staden, og ei oppgradering vil bli både omfattande og kostbar. Alternativt kan det vurderast å oppgradera do’en til biotoalett. Men det vil uansett kreva at toalettet må få «universell utforming».

«Direktøren vil vurdere en oppgradering av toalettet på sikt, men det er foreløpig ikke satt av noen penger til dette. I tillegg må det utarbeides en avtale med grunneier», konkluderer kommunen.