FINNØY: Sjølv om prisane på matvarer har skote i vêret den siste tida, handlar folk like mykje som før, men dei handlar smartare.

Ein av tinga som stadig fleire har byrja med, er å handla varer til sterkt nedsette prisar frå datovare-disken, disken med varer til redusert pris. Ein genial måte å redusera matsvinnet, spara klima og redusera utgiftene. Med andre ord, ein skikkeleg vinn-vinn situasjon.

Du har sikkert sett disken både på Coopen og på Kiwien på Judaberg. Kanskje har du til og med handla ifrå den?

Mindre opptekne av dato

Anne Lise Sherling, butikksjef på Coop, seier til Øyposten at interessa for datovare-disken, er sterkt aukande.

– Tidlegare erfarte me ein viss skepsis blant kundar mot å ta med seg denne typen varer, det var helst eldre som handla. Etter kvart har disken blitt kjempepopulær og no ser me at «alle» er innom og sjekkar. I løpet av dagen blir disken mest alltid tom. Heldigvis er ikkje folk like opphengt i utløpsdato lenger.

Dei fleste matvarene er godt brukande fleire dagar etter, spesielt produkt som smør, yoghurt, rømme og liknande. Difor treng heller ingen uroa seg over kvaliteten på varene i dato-disken. Det er heilt trygt å eta dei, det er difor det er datostempel, seier Sherling.

Maten har ikkje berre blitt dyr, den utgjer og eit stort miljøproblem.

Matproduksjon er ressurskrevjande og står for rundt 30 prosent av verdas klimagassutslepp. Likevel kastar me 417 000 tonn fullt etande mat i året i Norge. I ifølgje Matvett står daglegvarebransjen for 15 prosent.

Aldri kasta mindre

Her til lands har styresmaktene sett som mål at svinnet skal halverast innan 2030, i tråd med FN sine berekraftsmål.

– Kvar dag jobbar me for å redusera svinnet og kostnadane, og me har teke mange fleire grep allereie. Aldri kasta har me kasta så lite som me gjer no. Eg har ikkje tal i hovudet over kor stort svinnet er, men det er heilt sikkert at dato-disken utgjer ein betydeleg reduksjon i svinnet. Det er kjempebra at kundane tek miljøet på alvor og sparer pengar samtidig. Alternativet er at fullt brukbar mat går i søppelet, meiner Anne Lise Sherling.

Karolina Cieslikowska har god rutine på å presentera datovarene ryddig og innbydande. Foto: Oddbjørg Måland

Eit vanleg triks butikkane brukar for å redusera svinnet er å syta for god rullering. Det betyr at varer med kortast haldbarhet blir sett fremst i hyllene. Her kan også kundene bidra: Skal du bruka varen same dag, så vel den med kortast haldbarhet.

Liv Heidi Leavy og dottera Emma fortel at dei alltid sjekkar dato-disken.

– Ja, det er mest kvar gong me er i butikken. Eg er opptatt av å ikkje kasta mat, noko eg lærte tidleg. Det er sjølvsagt ingen grunn til ikkje å kjøpa varer frå denne disken så lenge du finn det du skal ha. Eg kjøper aldri bare fordi det er billig, men finn eg det eg skal ha her, er valet enkelt. Det er bra for miljøet og bra for lommeboka.

– Kva er det helst du kjøper?

– Det går mykje i middagsmat. Me har hatt mange gode middagsmåltid med varer frå denne disken. Er det restar igjen etter middagen, bli dei etne til kvelds. Å kasta mat er ikkje eit alternativ, seier Leavy og held fram: Nå er Emma så godt opplært at også ho har begynt å sjekka dato-disken.

Får ikkje gi vekk datovarer

På grunn av kort haldbarhet er brød, frukt og grønsaker blant svinnverstingane, fortel Sherling. I motsetning til KIWI sel ikkje Coopen gårsdagens bød til halv pris.

KIWI har mål om å redusera matsvinnet med 60 prosent innan 2025. I fjor låg talet 46 prosent, skriv dei på heimesidene.

– Brød som ikkje blir selde går til dyrefôr, og varer som er gått ut på dato blir kasta. Reglane er diverre slik at det ikkje er lov å gi vekk matvarer som går eller har gått ut på dato. Det tykkjer eg dumt. I dag burde det vore eit alternativ til å kasta fullt brukar mat, avsluttar Anne Lise Sherling.

Her er gode tips for å redusera matsvinnet.

  1. Mat utgått på dato. Ein av årsakakane til det store matsvinnet er datoskrekken.

  2. Ikkje lag meir mat enn nødvendig.

  3. Handle smart.

  4. Restar er like godt som anna mat

  5. Prøv deg fram med matsvinnsmuligheitene

  6. Frys ned brød og bakst.