Ja til flytebrygger i Sæbøvågen

Stavanger-politikarane seier ja til planane om to flytebrygger i båthavna i Sæbøvågen på Fogn. Saka går nå vidare til statsforvaltaren.

Her kjem det nye flytebrygger, viss også statsforvaltaren seier ja.
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Høyre fremja forslag på vegne av Folkets Parti og Mats Danielsen om å seia ja til planane. Det er to flytebrygger det er snakk om, ei med plass til 24 båtplassar og ei mindre, privat flytebrygge.

Kommunedirektøren ga først avslag på søknadane, men søkjarane klaga og fekk medhald frå fleirtalet i utvalet for by- og samfunnsutvikling. Ap, Rødt og Venstre stemde for å avvisa søknaden, mens Høyre, Folkets Parti, Mats Danielsen (uavhengig) og Miljøpartiet de Grønne gjekk inn for å godta klagen.

Den nye flytebrygga med 24 båtplassar.

Høyres Cille Ihle peika mellom anna på at ved å byggja ut i småbåthavna, ville det vera mindre nødvendig å byggja andre stader i kystlinja på øya. Frode Myrhol (fp) var også klar tilhengar av dei to søknadane, og meinte at manøvreringsplassen for småbåtar var tilstrekkeleg stor trass i utbygginga.

-Det er mykje betre plass her enn i Hillevågsvatnet, påpeika han.

Egil Olsen (h) var klar på at flytebrygger ikkje var evigvarande, og kunne om nødvendig flyttast på.

Venstres Kjartan Lunde påpeika like vel at det var komne innvendingar mot planane både frå båtforeninga og seks grunneigarar, og gjekk saman med Rødt og Ap mot utbygginga.

Plasseringa av den andre flytebrygga.
Publisert: