Dagen før siste dag på jobb: Rune blei takka av politikarane

Torsdag 25. mai har Rune Nedrebø (69) sin siste dag på jobb i Øyposten.

Avtroppande Øyposten-redaktør Rune Nedrebø fekk blomster og gode ord frå nestleiar Jon Olav Runestad (Ap, t.v.) og leiar Birger Wikre Hetland (Sp) i Finnøy kommunedelsutvalg.
Publisert:

– Rune har vore utruleg viktig for oss som politikarar, seier leiar Birger Wikre Hetland i Finnøy kommunedelsutvalg:

– Som redaktør i Øyposten har han sett saker på dagsorden og med det gjort jobben vår lettare.

Onsdag var Hetland og utvalgskollega Jon Olav Runestad innom redaksjonen med blomster til avtroppande redaktør Rune Nedrebø. Torsdag har Nedrebø sin siste dag på jobb og avsluttar då samtidig eit langt yrkesliv i Rogalands lokal- og regionpresse.

Integritet og interesse

– Mormora mi var søskenbarn til Rune, fortel Jon Olav Runestad:

– Då Rune var liten lika han berre å lese bøker, fortalde ho, så dei skjønna ikkje kva som skulle bli av han.

Nedrebø vaks opp på Aubø, ei av Sjernarøyane. Han starta yrkeskarrieren som journalist i Dagladet Rogaland i 1974. Seinare var han 30 år i Stavanger Aftenblad, av desse fire år på Oslo-kontoret, før han blei redaktør i lokalavisa på heimstaden.

– Rune har hatt ballast til å skjønna politikkens vesen, og han har vist integritet og interesse, seier Jon Olav Runestad:

– Han har bruka mykje tid på møter og arrangement, og han har vore nyfiken og nysgjerrig. Eit munnhell er at viss det står i Øyposten, så er det sant. Eg vil rette ein stor takk til Rune, og samfunnet vårt hadde vore veldig mykje fattigare utan Øyposten.

Tid til småbruket

Nedrebø kvitterer med å sei at han har stor respekt for politikarane, som brukar så mykje tid på det dei held på med. Sjølv dreg han fram tre saker der oppslag og ordskiftet i Øyposten kan ha spela ei avgjerande rolle.

– Me var med å redde ambulansebåten, og me var med å berge tannklinikken på Vikevåg. Øyposten har vel òg ein del av æra for at det blei reist ei minnestøtte på Sjernarøy for dei som falt under krigen, seier Nedrebø.

Som pensjonist får han i alle fall meir tid til å skjøtte småbruket som han og kona Turid har på Nesheim på Bjergøy. Der driv han både med bikubar og pressing av eple. Det store spørsmålet er kva han elles skal drive med, guten som lika så godt å lese og som gjorde det til leveveg å skrive.

– Me får sjå, seier han.