Komiteen for Påskevandringa er klar. F.v: Tone Lise Serigstad Reilstad, Tor Øyvind Skeiseid, Arne Madland og Hjørdis Halleland Mikalsen. Brit Idsø var ikkje til stades då bilete vart teke. Foto: Privat

-Me var lenge usikre på om me kunne ha Påskevandring i år. Men då meteren vart fjerna var det berre å hiva seg rundt, seier Hjørdis som sit i komiteen saman med Tor Øyvind Skeiseid, Brit Idsøe, Tone Lise Serigstad Reilstad og Arne Madland.,

Den femtande vandringa

-Me har ikkje hatt like lang tid til å førebu oss denne gongen. Heldigvis har me som sit i komiteen arrangert Påskevandring mange gonger før.

Dette blir den femtande Påskevandringa på palmesundag i regi av sundagsskulen på Finnøy.

- Me gler oss, det gjer me kvart år. Det ligg mykje arbeid bak, men me finn stor glede i førebuingane  Dyktige amatørskodespelarar i alle aldrar er me rikt velsigna med her på Finnøy, seier ho.

1000 for tre år sidan

Da Påskevandringa gjekk av stabelen i påska 2019 kom det rett i underkant av 1000 personar.

-Me såg ikkje den koma. Ingen andre arrangement, utanom Tomatfestivalen, har samla så mange folk på Finnøy før. Det var frykteleg kjekt, og ganske overveldande for oss arrangørar. Men veret var fint, folk kosa seg og me fekk formidla den viktige påskebodskapen til mange.

No er ho spent på kor mange som kjem dette året.

-Det er heil umogleg å seia noko om på førehand. Folk kan vere beinklare for å samlast igjen, men dei kan også ha blitt veldig glad i sofaen i løpet av dei to siste åra med pandemi.  Det vil visa seg Palmesundag.

Overrasking

Sjølv om bodskapen er det same kvart år, kan Hjørdis fortelja at dei kan by på fleire overraskingar.

-Det fine med Påskevandringa er at nokre av skodespelarane lever seg sånn inn i bodskapen at dei gløymer heilt å halde seg til manus. Det er ikkje uvanleg at sjølv me som skriv manuset får oss ei overrasking eller to, ler ho.