Det kan bli ja til vindmølle på Austre Åmøy.

RENNESØY:

Saka kjem opp i utvalet for by- og samfunnsplanlegging i slutten av månaden, og kommunedirektøren rår poltikarane til å seia ja til planane.,

Vindmølla er avhenging av dispensasjon frå LNF-formålet, og det er kome inn 13 merknader til planane. Både landbruksavdelinga og byantikvaren er mellom dei som er positive til vindmølla, og heller ikkje statsforvataren har særlege motforestillinga. Derimot frår fylkeskommune søknaden, fordi det ligg for nær fleire kjente fornminner.

Kommunedirektøren meiner at vindmølla vil styrkja gardsdrifta, og er eit tiltak i pakt med det grøne skiftet.

Kommunedirektøren viser også at sjølv om det blir gitt grønt lys for denne eine vindmølla, kjem det ikkje automatisk til å koma fleire, sidan søknaden blir behndla som ein dsipensasjon.

Det er ulemper ved tiltaket, men kommunedirekltøren meiner likevel fordelene er i overvekt, og rår politikarane til å seia ja. Søknaden krev også godkjenning frå kulturminnelova.

Det er bonde Erlend Harestad som vil byggja gardsvindmølla i tunet på garden på Austre Åmøy. Nyleg la han fram planane for politikarane i Stavanger.

Harestad presenterte planane for politikarane i utvalet for by- og samfunnsplanlegging, saman med Knut Henriksen, dagleg leiar i Søgne-selskapet Scanwatt, som forhandlar gardsvindmøller.

Planen er å plassera vindmølla i tunet på garden, og krafta frå vindturbinen, 150.000 kilowatt i året, skal brukast på garden. Gardsbruket på Austre Åmøy har både mjølkekyr, ammekyr og hønsehus, og produserer korn i tillegg.

Garden har eit forbruk på 150.000 kilowatt elektrisk kraft, og 180.000 kilowatt frå propangass.

Ved å produsera krafta sjølv vil garden vera mindre sårbar for svingningar i klraftprisane. Dessutan er vind grøn energi, blei det framhevda, og vind er det meir enn nok av på garden.

-Det skal bli kortreist kraft til garden. Vind er det heile døgnet, og gode vindforhold er ein del av gardens ressursgrunnlag, var budskapen frå Knut Henriksen.

Vindmølla det er snakk om er liten i forhold til mange av dagens gigantiske vindturbinar.  Turbinen vil raga 18 meter over bakken, og målt med vengene blir høgda 27 meter.

Lyden blir oppgitt til å vera 40 decibel, noko Knut Henriksen opplyste var det same som lyden av kviskring.

-Ei gardsvindmølle tar i snitt livet av to fuglar i året, gardskatten tek langt fleire, la han til.