Flyktningane frå Ukraina som kom med Ingvars Reiser nyleg.|Ordførar Kari Nessa Nordtun.

Av Rune Nedrebø,

STAVANGER:

Det går fram av svaret frå ordføraren til Krfs Henrik Halleland.  Då ingen andre hadde mulighet til å ta mot flyktningane frå Ukraina som kom med bussen til Ingvars Reiser for halvanna veke sidan, åpna Utsyn dørene på kort varsel og ga dei husly og mat.,

Krfs Henrik Halleland tok opp spørsmålet med ordførar Kari Nessa Nordtun, om utgiftene til innkvarteringa av flyktningane kunne dekkkast på nokon måte. Halleland stilte også spørsmål om kommunen kunne bidra til å dekka utgiftene som frivillige har hatt til transport av flyktningar hit.

Vanskeleg

I tillegg til Ingvars Reiser, reiste også to større bilar nyleg til Polen for å frakta flyktningar til Norge.

I svaret frå ordføraren heiter det at det vile vera vanskeleg for kommunen å dekka kostnadane folk har hatt i forbindelse med at dei på eige initiativ har henta flyktningar til Norge.

-Svar på spørsmålene blir derfor at Stavanger kommune ikke kan påta seg kostnader for utførelse av tjenester som ikke er etterspurt av verken kommune, Norge eller landene flyktningene er hentet i. Ordfører er likevel svært takknemlig og imponert over den medmenneskelighet som er vist av de som har hentet flykninger. Likevel ber ordføreren om at slike initiativ framover avklares med nasjonale myndigheter, eventuelt med kommunen i forkant, heiter det mellom anna i svaret frå Kari Nessa Nordtun, som likevel er imponert over engasjementet som er utvist for å henta flyktningar til landet.

Ordførar Kari Nessa Nordtun. Foto: FOTO: Stavanger kommune

Veldig trist

Ordføraren meiner også at politiet var alt for dårleg forberedt på å takla flyktningekrisa som oppstod, og i alt for liten grad har klart å møta den utfordringa «vi nå står overfor».

Henrik Halleland skriv i ein epost til Øyposten at han  tykkjer det er «veldig trist» at kommunen ikkje kan bidra.

-Eg kan forstå at reisa ikkje blir dekka, men at frivillige skal stå igjen med rekninga på kost og losji når det offentlige ikkje er klar med registrering synes me i KrF er urimeleg, skriv Halleland.

Dei 20 flyktningane reiste sist laurdag tiol Bryne, for å bli registrert av politiet, og innlosjert på Jæren Hotell. Nå skal dei busetjast i kommunane, og fleire har uttrykt ynskje om å få bu på Finnøy eller Fogn.