Eivind T. Halvorsen og Mona Roth tiltrer som fritidsleiarar i Finnøy og Rennesøy.

Av Rune Nedrebø,

FINNØY: -Det blir flott å jobba med ungdom og gi dei ein plass kor dei kan trivast, utan prestasjonspress og uavhengig av alt som heiter livssyn. Hos oss kan dei koma og bare vera seg sjølv, seier Roth og Halvorsen til Øyposten.

Mona Roth er ny fritidsleiar for Rennesøy i full stilling, etter å ha jobba som dette i Finnøy. Ho overtek jobben etter Elizabeth Pettersen. Eivind T. Halvorsen blir han som skal overta jobben etter Roth på Finnøy, og nå er også denne stillinga utvida til 100 prosent.

Halvorsen er opphavleg utdanna kaptein, har jobba som assistent for Mona Roth på Finnøy og bur på øya. Han også tidlegare vore lærar på Finnøy sentralskule. Mona Roth er utdanna grafikar og kunstnar har jobba mellom anna i lokalavisa Bygdebladet, og har vore kunstlærar på Jæren Folkehøyskole.

-Det er kjekt å få jobba med ungdom etter mange år framfor ein dataskjerm, seier Mona Roth.

Også Eivind T. Halvorsen gledar seg til å begynna i jobben, sjølv om mykje av opplegget på Finnøy fortsatt er i støypeskeia. Det er ikkje avgjort kor den kommunale ungdomsklubben, som er ganske ny,  skal vera eller korleis tilbodet skal utformast.

På Rennesøy derimot har klubben vore oppe og stå ei god stund, og nå flyttar all aktivitet frå brannstasjonen og over til Innbyggertorget i Vikevåg.

Foreløpig skal dei to fritidsleiareane ha kontor saman i Innbyggertorget.

-Då eg vaks opp på Finnøy bestod tilbudet bare av fotball eller det kristelege ungdomslaget. Nå gledar eg meg til å vera med å vidareutvikla tilbudet til ungdommane på Finnøy, seier Halvorsen.