Bygdakokken Joakim M. Wiborghar søkt, og fått innvilga, skjenkeløyve for øl og vin på Innbyggartorget.|Det blir også anledning til å servera ut.

FINNØY

: Løyvet er gitt til kaféen på Innbyggartorget, pluss utearealet, og det blir gitt anledning til å servera frå klokka 10.00 fram til klokka 01.30 alle dagar. Men på søndagar må serveringa ikkje begynna før etter kyrkjetid, dvs klokka 13.00,

Søknaden frå Wiborg har vore lagt fram både for politiet, skatteetaten og avdelinga for helse og velferdi i kommunen, og ingen av dei har merknader å koma med. Anders Skogrand er godkjend som styrar av skjenkeløyvet i Wiborgs fråver.

Det er juridisk avdeling i avdeling for bymiljø og utbygging i kommunen som har gitt løyvet, etter delegert myndighet. I retningslinene for kommunens skjenkepolitikk blir det mellom anna vist til at ei seriøs skjenkenæring er ein viktig og positiv faktor for byen.

Det blir også anledning til å servera ut. (Skisse frå papira til kommunen)

Joakim Moberg Wiborg opplyser til Øyposten at tillatelsen til å servera øl og vin er meint som eit tillegg til maten.

-Me vil gjerne tilby eit glas vin til fiskesuppa til dømes, for dei som har lyst på det. Dessutan kan me arrangera vin- og ciderkveldar, og servera eit glas champagne på 17. mai, seier Wiborg.

-Det har tidlegare vore uttrykt skepsis frå kommunen si side til skjenking på Innbyggartorget, sidan det ferdast barn og unge der. Kva tenkjer du om det?

-Dette skal ikkje vera nokon fylleplass, me skal fortsatt ha fokus på maten. Dette vert som ein vanleg restaurant i byen. Dessutan stengjer me klokka fem bortsett frå på fredagar då me har oppe til sju. På laurdagar held me stengt, og har åpent to søndagar i månaden, seier Wiborg, som reknar med å ha det nye tilbudet på plass ganske snart.