|Arvid (t.v.) og Jan Tandrevold. Far deira seilte som matros og kanonskyttar under krigen.|Det gjekk sju år før Anker Tandrevold fekk koma heim igjen.||Norske sjøfolk i Camp Norway under krigen, kor dei fekk militær opplæring. Mellom dei var Anker Tandrevold.|Bergesen-tankaren "Charles Racine", som blei torpedert i Atlanteren, vest av Puerto Rico.

Av Rune Nedrebø,

SJERNARØY: -Far fortalde aldri om det han hadde opplevd, men det er klart at påkjenningane som uteseglar under krigen prega han, seier brørne Jan og Arvid Tandrevoll til Øyposten.

Anker Tandrevold var ein av fleire barneheimsbarn som kom til Johannes og Karen Tandrevold på Kyrkjøy i Sjernarøyane. Tilværelsen der var langt frå nokon dans på roser, men tvert imot eit knallhardt regime.

Arvid (t.v.) og Jan Tandrevold. Far deira seilte som matros og kanonskyttar under krigen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Men Anker, og ein gut til, Arthur,  blei likevel adoptert av det barnlause ekteparet, og vaks opp på Kyrkjøy dit han kom som fireåring. 15 år gammla mønstra han på skuleskipet «Statsraad Lehmkuhl» for å utdanna seg sjøvegen.

mai 1939 mønstra han på Bergesen-skipet «Barfond», og då Nazi-Tyskland overfall heimlandet 9. april 1940, var skipet utfor austkysten av USA. Dermed låg fem lange år i livsfarleg konvoifart framfor 20-åringen.

I juli 1941 mønstra han av «Barfond» og mønstra på tankaren «Charles Racine». Bare nokre månader etterpå blei »Barfond» torpedert av ein tysk ubåt, og 14 av mannskapet omkom.

Men i mars 1942 var det hans tur. Då var «Charles Racine» på veg frå Clyde i England til Batytown i Texas, og vest av Puerto Rico dukka den italienske ubåten UIT21 «Guiseppe Finzi» opp, og fyrte av seks torpedoar mot det verjelause skipet. Fire av torpedoane traff, og skipet gjekk ned i stummande nattemørke. Til alt hell var oljelasta lossa i england, og skipet gjekk i ballast.

Mannskapet på 41 rakk å koma seg i livbåtane før skipet gjekk ned. Anker Tandrevold var blant tre som blei plukka opp av den amerikanske kryssaren USS «Moffet», mens resten tok seg i land på eigahand.

-Han heldt på å bli stengd inne i lugaren, for døra ville ikkje opp. Men heldigvis dukka det opp ein stor sterk kar som fekk røska henne opp, seier Jan Tandrevoll.

Seinare blei mannskapet frakta til New York av det amerikanske hospitalskipet USAHS «Seminole».

Det gjekk sju år før Anker Tandrevold fekk koma heim igjen. Foto: FOTO: Privat

-Sidan dei nå ikkje var på jobb, fekk dei heller ikkje løn. Slik var reglane då, seier Jan og Arvid Tandrevoll.

Anker Tandrevoll reise deretter til marinen sin skyttarskule i Camp Norway i småbyen Lunenburg i Nova Scotia i Canada, og utdanna seg til kanonskyttar. Den norske handelsflåten, verdas tredje største, hadde 1100 skip som sigla ute ved krigsutbrotet, og etter kvart som kampen om Atlanteren hardna til blei det beordra væpning av skipa.

Det blei utdanna skyttarar både i Cananda og i Skottland, og Anker var mellom dei.

Han tenestegjorde som dette resten av krigen,  i konvoiar over Atlanteren, men også i Middelhavet og så langt av garde som til Australia. Heile tida på tankbåtar.

Det var med livet som innsats.

-Mannskapet sov ofte ute på dekk for å vera klar til å evakuera viss skipet blei angripe av ubåtar, seier Jan Tandrevoll.

Norske sjøfolk i Camp Norway under krigen, kor dei fekk militær opplæring. Rundt 1200 norske sjøfolk fekk opplæring her, mellom dei Anker Tandrevold.

Først i april 1946 mønstra han av og sette nasen heimover mot Sjernarøyane. Då hadde han mønstra på seks ulike tankbåtar, og kome seg heilskinna gjennom krigen.

Men 13. april 1983 svikta hjarta hans. Anker Tandrevold døydde relativt ung, 63 år gammal. Om det var påkjenningane under krigen som knekte helsa hans, er det ingen som veit, men det er ikkje usannsynleg. Han etterlet seg kona Torbjørg, fødd Bjerga, og fire barn. Helga, Johannes, Arvid og Jan.