Heile Mastra-gjengen samla på eitt brett under Mastradagen. Foto: Rune Nedrebø

MOSTERØY: Mastradagen baud på eit mylder av aktivitetar for barn og unge. Det var alt frå rebusløp, boblefotball, ansiktsmaling til hastighetsmåling i både fotball- og håndballmål. Her blei det målt hastighet heilt opp mot 100 kilometer i timen på dei mest knallharde skota på fotballmålet.

Blant dei som slappa av i solsteiken ovanfor fotballbanen var familien Johannesen frå Bru. Kristoffer og Dina Johannesen har dottera Astrid med i Mastra.

-Mastra er eit kjempefint tilbud for ungane i kommunedelen. Klubben er også flink til å dra med heile familien, og foreldre er flinke til å stilla opp, seier Dina Johannesen til Øyposten, som rosar Mastra for å ha utvikla ei god «lagånd».

Dei gir også honnør til leiinga av klubben, særleg til dagleg leiar Silje Hagen for å gjera ein god innsats med klubben.

Mastra IL har rundt 750 medlemmer, og skal nå for første gang også tilsetja sportsleg leiar.

Dagleg leiar Silje Hagen er godt fornøyd med arrangementet.

-Det var kjekt at det kom så mykje folk, og ekstra kjekt at vêret blei bra, seier ho.

Etter feiringa om dagen, blei det dekka til festmiddag i Mastrahuset om kvelden for alle frivillige, trenarar og lagledarar i klubben.

Bungeerun var ein av dei populære aktivitetane. Foto: Rune Nedrebø
Familien Johannesen frå Bru slappar av i solsteiken under Mastradagen. Nærast Kristoffer med hunden Kiwi, sonen Isak, Dina Johannesen og dottera Alma. Vidare ser me Ann Therese Tormodsen frå Vestre Åmøy, og Monica og Steffen Falkeid frå Klosterøy Foto: Rune Nedrebø