Silje Vignes Flesjå skal saman med Tor Øyvind Skeiseid ha forestillinga "Heimkunnskap", som er eit skråblikk på dei to særmerkte personlegdomane Gustava Kielland og Hans Nielsen Hauge.

FINNØY

: Det er Ryfylke Livsgnist som  står bak forestillinga, som er spunne kring livet i dei to familiane Gustava Kielland og Hans Nielsen Hauge.,

-Det er stas å kunna ha ei forestilling som ein del av Kapittel-festivalen, seier Tor Øyvind Skeiseid til Øyposten.

Han tykkjer også det er fint å kunna løfta fram "finnøybuen" Gustava Kielland i forbindelse med Hauge-jubileet.

-Det blir ein djupdykk i dei to familiane, med eit glimt i auga. Eg kan lova at folk både skal få tørka tårene og dra på smilebandet under forestillinga, held Skeiseid fram.

Dotter til Gustava Kielland, Gabrielle Caspara Sigismunda, fødd på Finnøy i 1830, gifta seg med den einaste av dei fire barna til Hans Nielsen Hauge og kona Andrea som fekk leva og veksa opp, Andreas Hauge, og saman fekk dei 10 barn.