Her blir det for fyrste gong arrangert gudsteneste på Byre, sundag.|Kari Velve Byre ønsker folk velkomne til gudsteneste i sommar.

BYRE:

-Me håpar Han tilgodeser oss med  fint vêr den dagen. Folk er uansett velkomne til Byre, og me håpar dei får ein minnerik dag, seier Kari Velve Byre til Øyposten.,

Gudstenesta blir søndag 18. juli klokka 12.30, og det blir prest Tor Egil Eriksen som skal stå for preika. Det blir også song og musikk frå eit talrikt ensemble, mange av dei hyttefolk på Byre, med både solistar, slagverk, trompet og piano. Alt ligg med andre ord til rette for ei stemningsfull oppleving.

Gudstenesta blir under open himmel ved dammen til ekteparet Byre. Dei restaurerte dammen og gjorde han mykje større i forbindelse med at dei satsa på fruktdyrking. Det skal ha vore husandaktar her før, men det skal vera første gang det blir halden ei ordinær gudsteneste. I alle fall i friluft.

-Dammen tente me inn igjen på eit år. Under tørkesommaren i 1996 redda han heile fruktavlinga på Byre, seier Kari Velve Byre.

Kari Velve Byre ønsker folk velkomne til gudsteneste i sommar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Håpar du at dette skal bli ein tradisjon på Byre?

-Det vil ikkje vera oss i mot, sjølv om Byre historisk har hatt ei nærare tilknytning til kyrkja i Fister.  Det heiter fortsatt fisterøyane her.

Med den nye Ryfylkeferja er det mykje lettare å koma seg hit, og folk kan også ta med bil viss dei må elller er litt dårlege til beins. Gudmund og eg vil stilla område til disposisjon til parkering, opplyser ho.

Etter gudstenesta vil det bli kyrkjekaffi, og hyttefolket har også lagt ned ein stor dugnad i å laga turveg på øya som folk vil kunna nytta seg av.