Dei tumlar rundt mellom leikene på golvet på helsestasjonen i Vikevåg, lukkelege og uvitande om at det blei fødd sju færre barn i kommunen i 2018, i høve 2017. Marilen Jørgensen Vågen har med seg dottera Frøya på 10 månader, medan Elise Assersen Hodnefjell er der med si Sofie, som også er 10 månader.,

- Me møtast her på helsestasjonen når ungane skal ha dei vanlege kontrollane. Då kan dei leika litt saman medan me snakkar, fortel mødrene, som begge har to barn frå før.

- Så me har gjort vår del av jobben og meir til, ler dei – med tanke på det faktum at norske kvinner i gjennomsnitt føder 1,6 barn.

- Det har vore lågare fødselstal dei siste åra. Talet låg på det doble for nokre år sidan, så me får berre håpa at rennesøybuen fylgjer statsminister Erna Solberg si oppmoding om å laga fleire barn, ler helsesøster Elin Asbjørnsen.

Solberg oppmodar

Ja, kva tenker dei to mødrene om at statsminister Erna Solberg i sin nyttårstale ba nordmenn om å få fleire barn?

- Det må jo vera heilt opp til den enkelte, men det er greitt at ho tek det opp, meiner dei.

- Er det frekt å spørra om de skal ha fleire ungar?

- Det er hemmeleg, ler Elise.

- Det skjer viss det skjer, meiner Marilen.

Permisjon, men…

Marilen og Elise har registrert at det i 2018 blei fødd færre ungar i Rennesøy, med tilsvarande fallande tal i Finnøy. Dei peikar på at mange familiar lever travle liv og at det også kan vera eit økonomisk spørsmål kor mange ungar ein vel å få.

- Permisjonsordningane kan også setta grenser. For dei som til dømes driv gard er det ikkje like enkelt for pappa å ta ut sin del når ein ikkje får støtte til vikar. Det same gjeld eit par der begge jobbar i same private verksemd. Det er ikkje alt politikarane har tenkt på, sjølv om fødselspermisjonsordninga i Norge er veldig god, seier Elise.

- Me foreldre skulle hatt betre moglegheit til sjølv å disponera fødselspermisjonen, meiner Marilen.

Ta ansvar!

Helsesøster Marianne Murbræch i Finnøy vel også den humoristiske inngangen til fødselstala:

- Folk må ikkje berre snakka om det, dei må gjera nok. Ta ansvar og lag fleire barn!, seier Murbræch – som likevel kan melda om lys i tunnelen:

- Me har mange gravide akkurat no, så 2019 ser ut til å bli eit godt år.

Fødselstal

Finnøy:

2018: 26

2017: 52

2014: 40

Rennesøy:

2018: 54

2017: 61

2014: 87