Vals og tyske tangoar berga butikken

Då Karin Ågensen etablerte butikken i Eidsund, var det såpass smalhans at vals og tyske tangoar blei redninga.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Karin Ågesen saman med Bybergs orkester. |Ekteparet Karin og Johnme Ågesen i Trollehålå, lokalet bak butikken i Eidssund kor dei tek mot turistar.||Karin Ågesen driv butikken i Eidssund.|Plakaten har ho tatt vare på.

Av Rune Nedrebø,

OMBO:

Den raudmåla butikken like ved ferjekaien på Ombo kan feira 25-års jubileum neste år.,

Korleis det skal markerast, er ennå ikkje bestemt, og før det skjer står uansett ein travel sommarsesong for døra. Men med ny butikksjef på plass, Morten Mobrenna frå Jessheim, er innehavar Karin Ågesen klar til innrykk. Han er sambuar med barnebarnet hennar, Connie Nielsen.

Det var andre boller då ho og mannen Johne Ågesen gjekk i gong og bygde ny butikk i Eidssund. Det hadde vore butikk på Eidssund før og, på den gamle kaien, men det var lenge sidan, og butikken i Jørstadvåg, også ein  gammal handelsplass, var den einaste butikken på øya.

Flytta butikken til Eidssund

Men Karin Ågesen såg at framtida låg i det idylliske Eidssund, og i 1997 kunne ho åpna døra og ynskja velkommen til ny og fin butikk der.

Karin Ågesen driv butikken i Eidssund.

Å driva butikk er i utgangspunktet ingen ni til fire-jobb.

-Det var eit helseslit, minnes ho.

Inntektene stod heller ikkje i forhold til innsatsen, men Karin Ågensen kunne både spela gitar og syngja, og var medlem i Bygbergs orkester med opphav i Sola. Og nå kom inntektene frå spelejobbane godt med.

Dermed blei det «bånn gass» for å gjera seg ferdig i butikken før helga, hiva seg i bilen og gje seg landevegen i vald saman med orkesteret. Som regel var mannen også med, og ofte var det speling både fredag, laurdag og søndag.

Frå Haugesund til Mandal

-Me spelte til dans alle stader, frå Haugesund til Mandal. Me har også spelt på Sjernarøy Maritim, og eg spelte også til  inntekt for grendahuset på Ombo, seier Karin Ågensen.

Det gjekk mest i vals og tangoar og musikk for eit «vaksent publikum».

-Dei fekk det dei ville ha, seier Ågesen.

Plakaten har ho tatt vare på.

Den tyske tangen «Rote Rosen, rote Lippen und roter Wein», var ein av favorittane på repertoaret.

-Det meste av det eg tente gjekk til å betala butikkhjelpa mi med, seier ho.

Jobba som sandblåsar

Likevel er det ei tid Karin Ågesen ser tilbake på med glede, sjølv om det var hektisk. Men i 2008 var det slutt med å stå på scena og spela til dans, etter 25 år. Og sjølv om ho fortsatt har gitaren, brukar ho han ikkje lenger, i alle fall ikkje offentleg.

Karin Ågesen er opphavleg frå Tau med Gjerde som jentenavn,  og jobba på Kverneland Fabrikker som sandblåsar før ho flytta til Ombo i 1994 og overtok butikken i Jørstadvåg. Mannen Johne jobba på ferjene.

Første kvinne

-Eg var også litt borti sveising. Eg måtte læra av mannfolka, men det gjekk fint. Det var ein kjekk arbeidsplass. Eg var den første kvinna som blei tilsett i produksjonen, og blei på fabrikken i 20 år, fortel ho.

Nå er ho spent på om trafikken med bussturistar til Ombo og Eidssund  til butikken, og  til serveringsstaden ho har innreidd i lokalet bak butikken, vil ta seg opp igjen. Den første bestillinga har alt kome.

Ekteparet Karin og Johnme Ågesen i Trollehålå, lokalet bak butikken i Eidssund kor dei tek mot turistar.

Lokalet har fått navnet Trollehålå, og det passar godt. For her er det troll i alle fasongar. Lokalet har plass til 30 personar, kor det blir servert påsmurt og kaffi. På det meste, før koronaen gjorde sitt inntog,  serverte dei tre busslaster her i veka.  I tillegg er det plass til 20 i det som tidlegare blei brukt som venterom for dei reisande.

Her er alt fortsatt klart, viss bare koronaen gir seg.

Bilettekstar:

Morten Mobrenna er ny butikksjef i butikken hos Karin og Johne Ågesen i Eidssund. Butikken kan feira 25 års jubileum neste år. (Alle foto: Rune Nedrebø)

Plakaten med Bybergs orkester har ho fortsatt.

Det er troll i alle fasongar i «Trollehålå» i Eidssund.  Nå er Karin og Johne Ågesen spent på om det snart blir innrykk av turistar igjen for alvor i det artige lokalet.