- Me ville ha det litt varmare i veret til den offisiell åpninga, seier dagleg leiar i Mastra IL, Morten Robberstad, som saman med  Rennesøy kommune og Rennesøy Fotballklubb står bak invitasjonen.

Det spesielle med den nye banen er at det ikkje er brukt såkalla  gummigranulat som innfyll i kunstgraset. Slik det blir gjort til vanleg for å halda kunstgrasbanane mjuke og attraktive til å spela fotball på. Anlegget er allereie blitt eit stort aktivum for elevane ved Mostrøy skule, som brukar den ofte i friminutta. Sidan dette er eit skuleanlegg har det også vore eit sterkt ynskje frå kommunen at anlegget skal brukast også til andre aktivitetar, men at ein også skal unngå spreiing av mikroplast ved at den såkalla gummigranulaten kjem ut av anlegget. Difor har kommunen som baneeigar, valt å nytta såkalla krøllgras med innfyll av kvartssand. For å kompensera for manglande støtdemping/mjukheit i banen, og for at ikkje banen skal bli for hard, har ein lagt ein såkalla pad av gummi under.