Denne gjengen frå Evangeleisenteret er alle tidlegare rusmisbrukarar som no reiser rundt og fortel historia si.

I perioden 7. – 16. mars får Finnøy besøk frå Evangeliesenteret. Ei folkehøgskulegruppe kalla Bibel og Friluftsliv, skal på tur i området. Alle deltakarane er tidlegare rusmisbrukarar. Elevane skal treffa folk frå Finnøy og Rennesøy. Dei skal blant anna vera med ungdomar på skular og i andre samanhengar, og snakka om rus og rusførebygging. Dei blir og med på møter og gudstenester rundt om i øyriket.,

Besøket skjer i samband med ein støre turné i fylket. Det er Unni Østhus på Fogn som, så mange gonger før, står i spissen for arrangementet her i området.

Evangeliesenteret driv fleire senter og tiltak over heile landet. Dei oppsøker, hjelper og rehabiliterer menneske som kjem skeivt ut på grunn av misbruk av rusmidlar. Dei driv senter og tiltak rundt om i heile landet. Det største heiter Østerbo og ligg ved Halden. Tilbodet inkluderer hospits, avrusing, motivering, omsorgsplassar, arbeidstrening, utdanning og ettervern.

- Gjennom åra har hundrevis fått eit nytt liv, og møtt Jesus. Dei har blitt frie frå rus, og mange familiar har blitt gjenforeina, fortel Unni.

Mange kjenner Evangeliesenteret frå tidlegare turnear i området, og ikkje minst ifrå fjernsynet.