Rektor på Ombo, Hanna Skartveit, oppsummerer året som både krevjande og spennande. Noko av grunnen til begge er at ho har pussa opp eit gammalt hus på Fogn.

Hanna overtek stillinga etter Ingebjørg Vignes og startar opp ved nytt skuleår til hausten.,

Sidan ho kom tilbake til Finnøy i fjor haust, har jobben vore på Sentralskulen, blant anna som lærar for minoritetsspråklege elevar, og i faget mat og helse.

- Eg gler meg skikkeleg til å byrja på Ombo. Eg ser fram til å bli kjent med plassen, elevane og kollegaene. Eg tykkjer det skal bli spennande å jobba i eit lite miljø, på ein liten stad. Sjølv om det blir mykje nytt å setta seg inn i, går det seg nok til. Så langt har eg berre høyrt lovord om skulen, og ikkje minst at miljøet er godt. Til neste år er det 19 elevar på skulen, pluss borna i barnehagen. Så vidt eg har forstått har dei eit uttrykt mål om uteskule, med vekt på praktisk læring og fysisk aktivitet, det har eg sans for.

Etter endt studietid jobba Hanna fleire år på universitetet med forsking, undervisning og administrasjon. I tillegg har ho budd lengre periodar i Latin-Amerika, blant anna i samband med feltarbeid knyta til studiane. Men, røtene har ho i Finnøy. Far Odd Skartveit kjem ifrå Halsnøy, og mora Anne Marie vaks opp på Flesjå-garden på Hardås. Til forveksling har Hanna mest det same namnet som si betre kjente kusine Hanne Skartveit som er politisk redaktør i VG.

- Kan du bruka utdanninga i den nye jobben?

- Ja, det meiner eg absolutt. Sosialantropologi er enkelt sagt læra om det sosiale og kulturelle menneske. Langt på veg er det generell kunnskap som går på samhandling mellom menneske, og korleis folk fungerer saman, likskap og skilnader. Eg tenker det kan vera relevant kunnskap på alle nivå, og i mange forskjellige samanhengar.

På fritida er Hanna ein aktiv hobbykokk. Mat, matlaging og matauk er ein av hannar største interesser, og i mange år fekk ho boltra seg på kjøkenet på eit retreatsenter på Askøy utanfor Bergen.

– Eg håpar å kunne bruka noko av denne lærdommen i den nye jobben på Ombo. Det er så mykje godt ein kan finna og laga gode ting av ute i naturen, spesielt i årstida me går inn i no.

-   Du skal framleis bu på Finnøy?

- Ja, inntil vidare. Men eg er ikkje framand for å flytta til Ombo på sikt. Då mannen min og eg valde å flytta frå Bergen til Finnøy hadde det mykje å gjera med at me ville ut av byen og bu meir landleg. Ombo er jo ei nydeleg øy, så kanskje me finn draumestaden vår der? Eg har budd i fleire storbyar, og kjenner meg ganske ferdig med det, seier Hanna Skartveit.