MF "Hidle" ved verftet i Tyrkia.Søsterferja "Ombo" ligg framleis der, eit halvt år etter at ho skulle vore i rute.

FINNØY:

På spørsmål frå Øyposten svarar Norled sin informasjonsansvarlege, Cathrine Gjertsen, at det er «mange sammensatte årsaker» til problema Norled har havna i med ferja «Ombo». Covid 19 er fortsatt hovedproblemet, skriv Gjertsen i ei tekstmelding.,

Uansett, MF "Ombo" ligg først an til å koma i rute i mars neste år, ifølge meldinga. Det er 10 månader seinare enn planlagt.

MF "Ombo" blir truleg levert frå verftet Tyrkia i løpet av neste veke, og fartøyet skal deretter til Wetcon i Ølen for tilpasningar og godkjenningar, skriv Gjertsen vidare.

Om Norled vågar eller får lov til å senda ferja heim over det verutsette Biscaya om vinteren, er eit anna spørsmål. Til det er den knappe meldinga frå Gjertsen at det blir sett på "alternativer for seiling hjem».

MF "Hidle" ligg for tida hos verftet Westcon i Ølen.  Om den melder Gjertsen at den ligg ved vetftet for ein «siste gjennomgang», og at «det ser ut til at den går i rute fra begynnelsen av desember».