Mats Danielsen (frp) hadde heile 61 forslag til endringar i kommuneplanen, men nesten ingen nådde opp.

STAVANGER:

Av dei mange forslaga som blei fremma, spesielt frå fleirtalet i Finnøy kommunedelsutval, blei alle med unnatak av eit avviste. Heller ikkje kommunedelsutvalet i Rennesøy nådde opp med sine innspel.,

Eit breitt fleirtal i utvalet for by- og sammfunsutvikling godkjente dei fleste av kommunedirektøren sine forslag, med unnatak av to.  Forslaget om motorcrossbanepå Bru frå crossmiljøet på Rennesøy og i Randaberg gjekk ikkje gjennom. Her hadde kommunedirektøren foreslått å vurdera forslaget vidare. Både Ap, Høyre, Mdg og Rødt sette foten ned her.

Derimot ville fleirtalet, dvs Ap, Høyre, Fnb og Frp at forslaget om gardshytter på Falkasete, som Stephan Dickinson står bak, blir vurdert vidare.

Frp hadde heile 61 forslag om endringar til arealplanen, men dei aller fleste fall på steingrunn. Det gjorde også dei mange forslaga om å seia ja til vidare arbeid med hus og hytter i Finnøy, som fleirtalet i kommundelsutvalet landa på.

Nei til alt som er løye

Venstre støtta forslaget om å gå vidare med motorcrossbanen på Bru, kor Kjartan Alexander Lunde (v) mellom anna hadde fylgjande argument.

-Me kan ikkje seia nei til alt som er løye i dette utvalet.

Anders Fjelland Bentsen (ap) lurte på om Frp ikkje lenger står bak kommunen sin arealpolitikk, som partiet tidlegare har stemt for, eller om partiet har gløymt kva det har stemt for, sidan det kom så mange endsringsforslag. Ein bemerkning Mats Danielsen (frp) syntes var "uredelig"

Kreativt og spennande

John Peter Hernes (h) syntes den foreslåtte plasseringa av motorcrossbanen på Bru var heilt feil, og var blant fleirtalet som røysta mot dette. Derimot tykte han fordslaget frå Stephan Dickinson om gardshytter på Falkasete var både kreativt og spennande, og bør bli med vidare i arbeidet med planen. Det blei også resultatet, sjølv om kommunedirektøren foreslo å avvisa forslaget.

Thomas Bendiksen (mdg) er ut frå vern av naturmangfoldet glad for at kommunedirektøren er så restriktiv når det gjeld å tillata hytter og bygging i LNF-området.

Blant dei som nå har fått tommelen ned om å bli med i det vidare arbeidet med areralplanen er planane til Utsyn om utviding, bobliparkering i båtforeningen i Vikevåg, husbygging på Fjordsyn, omgjering av utleigehytter til fritidsboligar på Helgøy og Nord-Talgje og fritidsbustader på Skartveit.