Messing, f.v: Hilde Juul, Lilly Hovda, Wictor Juul med barnebarnet Viljar, Arne Torgersen, Dag Olav Sæbøvåg, Tora Sandanger, Mantas Saulus og Bjørn Eriksen. Foto: Karl Magne Frafjord.

FOGN: Og for å få ein ekstra dimensjon på den fine markeringa valgte Messing å framføra Ja, vi elsker i vakre omgjevnader på Peråsen, 100 meter over havet.,

Musikken kunne høyrast mest over heile øya.

Eit av høgdepunkta i fjorårets feiring var då heile Norge samla seg i ein gigantisk allsang av "Ja, vi elsker". Også i år oppmoda regjeringa folk i hus og hytter over heile landet  å bli med å synga nasjonalsongen klokka 1200. Uansett kor ein er, åleine eller saman med andre.

Så Sjølv om 17. maifeiringa blei annleis i også i år, er det ingen grunn til at me ikkje heidra grunnlova, fridomen og demokratiet.